STORDUGNAD: 45 mann var i sving på idrettsanlegget på Kaupanger denne helga.
STORDUGNAD: 45 mann var i sving på idrettsanlegget på Kaupanger denne helga. (Bilde: Åse Neraas)

No har området rundt idrettsanlegget fått seg eit skikkeleg løft

45 mann var laurdag i sving for å planera og stella området rundt idrettsanlegget på Kaupanger.

Kaupanger: – Me har stelt alle uteområde – planert og sådd. Det byrjar å bli eit kjempestort anlegg og det veks opp mykje kratt rundt om. Så med jobben på denne dugnaden skal me kunne halda området rundt på stell med grasklippar og beitepussar, forklarar Åse Neraas, arrangementsansvarleg i fotballgruppa i Kaupanger idrettslag.

Det er område rundt bana, mellom bana og hoppbakken, rundt Tufteparken og klubbhuset som først og fremst har fått seg ein runde på dugnaden.

Artikkelen held fram under biletet

DUGNADSGJENGEN: Ein del av dei som var med på dugnaden utanfor klubbhuset.
DUGNADSGJENGEN: Ein del av dei som var med på dugnaden utanfor klubbhuset. Bilde: Åse Neraas

 

Stilte med fire gravemaskiner, traktorar og folk

– Så er vegene grusa oppatt og me har fått fullført klubbuset med å henga opp gardiner; torsdagsklubben (ein seniorklubb tilknytt idrettslaget) har stroke garrdiner til den store gullmedalje , fortel Neraas.

Einar Dalaker og Kenneth Teigen har vore primus motarar bakj dugnaden.

PRIMUS MOTOR: Maskinentrepenør Einar Dalaker stilte med gravemaskiner, traktorar og mannskap.
PRIMUS MOTOR: Maskinentrepenør Einar Dalaker stilte med gravemaskiner, traktorar og mannskap. Bilde: Åse Neraas

– Dalaker er maskinentrepenør på Kaupanger og har stilt med fire gravemaskiner, fleire traktorar og folk. Så dei gjorde jobben med maskinene torsdag og fredag, så hadde me 45 mann her på stordugnad laurdag.

– Korleis har innsatsen vore?

– Upåklageleg. Det er kjekt når ein går ut med ein open invitasjon, og så kjem det 45 stykk. Me grilla, så alle åt hamburgarar og is. Laurdag starta me klokka ni om morgonen, og det byrjar å bli mørkt då sistemann reiste heim.  

 
Til toppen