RØYND: Rune Solheim er røynd med lange distansar, og det er bra når han no skal springa 331 kilometer.
RØYND: Rune Solheim er røynd med lange distansar, og det er bra når han no skal springa 331 kilometer. (Foto: Arkiv)

No har Rune Solheim starta på 331 kilometer heim til Lærdal

Då klokka slo 10:00 i dag starta lærdølen på den lange turen heim til Lærdal, frå Tønsberg der han bur til dagleg.

Lærdal: Det var i vår at Rune Solheim tapte eit veddemål som førte til at han i dag har starta på den lange distansen mellom Tønsberg og Lærdal - til fots. 

Det han vedda på, var at Tottenham ikkje ville koma blant topp fire på Premier League-tabellen, eller vinna eit trofé i årets sesong - men laget enda til slutt opp med ein fjerdeplass. 

Klokka 10:00 i dag gjekk startskotet i Tønsberg, og i ein Facebook-video Solheim har delt på si personlege side kan du sjå at mange har møtt opp for å få med seg starten på det heile. 

– Bubilen er ferdig pakka, og det er stort oppmøte med folk som har med flagg og greier, seier han i videoen.

Far: – Han gjer seg ikkje

Med seg på turen har han tenestestadsleiar for politiet i Årdal, Magne Knudsen på el-sykkel, og broren Frode i bubil.

– Eg veit at han Rune ikkje gjer seg, og om han skal gje seg så er det ikkje før ein lege plukkar han opp i ei veggrøft, seier far Kåre Solheim til Porten.no, etter at sonen har starta på turen sin.

– Han har jo sprunge 24 timar i strekk tidlegare, så med si erfaring er han no godt på veg. Så får me sjå kva det endar med, seier han. 

Spring for Aktiv Mot Kreft 

Og når Rune Solheim no legg ut på tur, så spring han ikkje heilt utan grunn. Gjennom jobben har han fått vera med å opna fleire såkalla Pusterom, som er treningssenter på sjukehus der kreftpasienter kan trena under og etter behandling.

Organisasjonen som står bak tiltaket heiter Aktiv Mot Kreft, og er dei Solheim håpar å samla inn pengar til.

– No har me samla inn dobbelt så mykje enn det som var planen, avslørar Solheim i Facebookvideoen, før han legg ut på tur. 

I følgje far Solheim er summen han har samla inn straks oppe i 70.000 kroner. 

Og kor Rune har enda opp i morgon, det gjenstår å sjå, seier han til slutt i videoen. 

– Han reknar med å vera i Lærdal på måndag, men det får me no sjå på, seier far Solheim og ler.

 

Til toppen