KORONA: 21 av dei nye smitta har har tilknytning til Havyard.
KORONA: 21 av dei nye smitta har har tilknytning til Havyard. (Ola Weel Skram)

KORONAVIRUS

No har smittetalet på Havyard stege til 21

Over 70 sit i karantene.

Hyllestad: Det melder kommunen på sine heimesider måndag ettermiddag. 

– To har allereie gjennomgått heile isolasjonsperioden, slik at vi har 19 i isolasjon ved ei eiga isolasjonsbrakke, skriv kommunen. 

Dei skriv vidare at smittesporing pågår, og at den har pågått gjennom helga. Den er ikkje fullført enno. 

– Utbrotet er uavhengig av det utbrotet i oktober og har opphav i importsmitte, skriv dei. 

Sender arbeidarar ut av landet 

Kommunen skriv at fokuset deira framover er å hindre at smitten sprer eg både på Havyard og u samfunnet. 

– Som eitt ledd i dette vert nokre arbeidarar som har testa negativt og som ikkje har symptom sendast til heimlandet for gjennomføring av karantene, skriv kommunen.

Transporten heim vil gjennomførast på ein smittevernfagleg trygg måte, skriv dei. 

Til toppen