VENTELISTE: Frå 1. juli skal søkjarar til langtidsopphald i sjukeheim ha rett til å få eit vedtak om stå på venteliste dersom dei oppfyller kommunen sine kriterium for slikt opphald. – Dette vil gi eit betre grunnlag for rapportering, meiner kommunalsjef i Årdal kommune Rigmor Svanberg. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
VENTELISTE: Frå 1. juli skal søkjarar til langtidsopphald i sjukeheim ha rett til å få eit vedtak om stå på venteliste dersom dei oppfyller kommunen sine kriterium for slikt opphald. – Dette vil gi eit betre grunnlag for rapportering, meiner kommunalsjef i Årdal kommune Rigmor Svanberg. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

No har søkjarar til sjukeheimar rett til å stå på venteliste

Frå 1. juli skal søkjarar til langtidsopphald i sjukeheim ha rett til å få eit vedtak om stå på venteliste dersom dei oppfyller kommunen sine kriterium for slikt opphald. 

Årdal: Stortinget vedtok juni 2016 ei lovendring i pasient- og brukarrettighetslova og helse- og omsorgstenestelova. Endringa medfører ein styrka rett til langtidsplass i sjukeheim eller tilsvarande bustad og trådde i kraft 1. januar.

Frå 1. juli søkjarar ein nedfelt rett til å stå på venteliste. Lovendringa er vedteken for å betre rettsstillinga til pasientar og brukarar når det gjeld opphald i sjukeheim. 

– I realiteten vil kriteria for tildeling vere som no, der søkjaren sitt behov og ei kartlegging av søkjaren bestemmer. Når ein har kome på venteliste, er det ikkje dermed sagt at ein får plass sjølv om ein står på førsteplass. Det kjem stadig nye søkjarar, men dette gir eit betre grunnlag for rapportering og til å følgje utviklinga, forklarar kommunalsjef i Årdal kommune, Rigmor Svanberg. 

Sjølv om behov og kartlegging ligg til grunn, skal det likevel gjerast ei individuell vurdering i tillegg til registreringa, då ingen personar er like. 

Open prosess rundt tildeling

Ved å ha kriterium for tildeling av langtidsplass vert det meir føreseieleg, og ein sikrar ein open prosess rundt tildelinga. 

Dersom kommunen ikkje kan tilby langtidsplass, skal det verta tilbydd forsvarlege tenester i påvente av slik plass. Dette kan vere opphald i korttidsplass, avlasting eller omfattande tenester i heimen. Det vil likevel framleis vere slik at det er kommunen som etter ei vurdering avgjer kva som er rett tenestenivå. 

– At dette kjem på plass vil styrka rettane til pasientane. Det kan også vere nyttig for oss folkevalde når me skal sjå på behova framover. Me har tidlegare snakka om ei uoffisiell venteliste, men at dette no kjem på plass frå 1. juli vil vere ein styrke, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) då saka vart handsama i formannskapet tysdag.

Til toppen