OPPFØLGJAR: Ketil Thorbjørnsen har akkurat sleppt oppfølgjaren til singelen «Svik», og skal i mars sleppa oppfølgjaren til debutalbumet «Verdsmannen». Arkivoto: Ole Ramshus Sælthun
OPPFØLGJAR: Ketil Thorbjørnsen har akkurat sleppt oppfølgjaren til singelen «Svik», og skal i mars sleppa oppfølgjaren til debutalbumet «Verdsmannen». Arkivoto: Ole Ramshus Sælthun

No har Thorbjørnsen sleppt ei ny, sterk låt

Onsdag vart låta «Hundre hol i armen» spelt på NRK Sogn og Fjordane.

Årdal: – Det var jo heilt kanon det! seier Ketil Thorbjørnsen.

Den nye låta som vart sleppt denne veka, «Hundre hol i armen» er ei sang om narkomani – og å prøva å koma inn att i samfunnet etter å ha vore «ute» lenge.

– Det botnar ut i den kontrasten det er å gå frå  vera narkoman ogprøva å koma inn i samfunnet att, via NAV og eit skjemavelde der ein må følgja kvar detalj – i det heile alt som følgjer med.

Inspirert av Tom Waits

MØRKT: Coveret til den nye singelen frå Tjhorbjørnsen.
MØRKT: Coveret til den nye singelen frå Tjhorbjørnsen.

Som i førre låta Thorbjørnsen sleppte, «Svik», er det til tider stor lyd og kraftig vokal som gjeld i det musikalske uttrykket når han no kjem med «Hundre hol i armen».

– Porten.no nemnde jo ein referensa til Kaizers, og både eg og Kaizers har stole av Tom Waits. Så det er der inspirasjonen ligg.  

Les også: Melding av «Svik»: DumDum Boys møter Kaizers

Og i løpet av mars kjem det fulle albumet, «Vi treng trøyst».

– Det er veldig forseggjort. Produsent Alf Magne Hillestad har gjort ein fantastisk jobb med produksjonen både på «Hundre hol i armen» og albumet. Og han har jobba masse med det. 

Mørk tematikk

«Svik» var ei låt om flyktningproblematikk og eit tydeleg politisk stikk til Frp.  Eit like tungt tema i form av narkomani denne gongen tyder ikkje at det ikkje kan bli mørkare.

– Det er ikkje ei konseptplate, men den handlar gjennomgåande om vonde og vanskelege ting. Me er innom sjølvmord og det er ein som blir drepen av mor si. Men så endar plata med at det går bra til slutt.

Thorbjørnsen trykte først opp tusen ekspemplar av debutalbumet «Verdsmannen» på eige initiativ; denne gongen blir albumet gitt ut av Lærdal lydproduksjon, kjem i platebutikkane og blir trykt opp etter behov.

– Me har fått meir retning i denne plata; på første prøvde me oss mykje meir fram og hadde masse idear, der mange vart forkasta fordi me ikkje var standhaftige nok. Me lærer undervegs. No har me også med Karl Seglem på nokre av låtane, det er stort for meg.

Til toppen