ENDRAR NAMN: Kommunestyret i Årdal har vedteke at det ikkje lenger heiter spesialomsorg. Frå no av heiter tenesta bu- og miljøtenesta. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
ENDRAR NAMN: Kommunestyret i Årdal har vedteke at det ikkje lenger heiter spesialomsorg. Frå no av heiter tenesta bu- og miljøtenesta. Foto: Truls Grane Sylvarnes.  (Foto: Arkiv)

No heiter det ikkje spesialomsorg lenger

No har tenesteområdet fått namnet bu- og miljøtenesta. 

Årdal: Det var Fellesorganisasjonen som kom med forslaget, og torsdag bestemte politikarane i Årdal at dei gjekk inn for det nye namnet.

– Saka har vore på brei høyring. Eg har snakka med Fagforbundet, som er positive. Saka har vore handsama i rådet for personar med nedsett funksjonsevne, og dei er positive. Både tilsette og tenesteleiarar er blitt spurt, og det er positive, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

Ho fortel at det også har kome innspel frå Norges Handikapforbund om at ei endring av namnet er riktig. 

– Då eg googla «spesialomsorg», fann eg berre nyheiter om Årdal kommune. Då eg gjorde det same med «bu- og miljøteneste», er det eit meir vanleg namn, la ho til ramsa opp fleire kommunar som har skifta til dette namnet.

Kom med forslag

I forkant av møtet hadde gruppeleiarane i Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre møttest og blitt samde om namneforslaget. Dei resterande partia deltok ikkje fordi dei ikkje hadde høve. Difor var det støtte å få frå begge desse partia.

– Men det aller viktigaste er at tenesta er tilpassa dei som er der, og så får namn vera namn. Det er viktig å ta med seg, sa Knut Arne Klingenberg (H). 

Sandra Opheim (MDG) meinte namnet framleis var litt misvisande og la fram forslag om å kalle det for teneste for bu- og miljøarbeid i staden, men fekk ikkje med seg kommunestyret på det. 

Grunngivinga for namnetbytet er at nemninga spesialomsorg kan vere misvisande og stigmatiserande i høve tenestemottakarane, men òg i høve tenesteytarane.

Dei yter alle omsorgstenester og miljøarbeid i samarbeid med brukarane. Bu- og miljøteneste er difor eit betre og meir dekkande namn på tenesteområdet.

Til toppen