HEILÅRSBEDRIFT: Flåm Guideservice har tatt det første steget mot å bli ei heilårsbedrift innanfor reiselivet i Sogn. – Heilt vilt, seier driftsleiaren. Foto: Sverre Hjørnevik/Flåm Guideservice.
HEILÅRSBEDRIFT: Flåm Guideservice har tatt det første steget mot å bli ei heilårsbedrift innanfor reiselivet i Sogn. – Heilt vilt, seier driftsleiaren. Foto: Sverre Hjørnevik/Flåm Guideservice.

No held dei ope heile året: – Heilt vilt at me har tatt det steget

For første gong har Flåm Guideservice halde ope heile året. No satsar dei på å bli ei 360-dagarsbedrift.

Flåm: 360 dagar fordi fem av dagane i julehelga skal dei framleis halde stengt, men resten av året kjem Flåm Guideservice ikkje til å ta foten av gasspedalen eit einaste sekund.

For første gong i vinter lot selskapet vere å stenge ned aktiviteten i midten av desember og heile januar slik dei plar. I vinter hadde dei berre stengt på heilagdagane i julehelga.

– Det er heilt vilt at me har tatt det steget, seier driftsleiar Torgeir Skjerdal. 

Ein av dei som var først ute

På sommarstid kan talet på besøkande knapt bli betre i Flåm og Aurland. No er det vinterhalvåret som gjeld for mange av reiselivsaktørane som også ønskjer å bli heilårsbedrifter. I år tok Flåm Guideservice steget.

– Me var ein av dei første som byrja å tilby vinteraktivitetar for fire år sidan. Dei siste åra har me tilbydd trugeturar og vinterfjordsafari, men me har altså hatt stengt i desember og januar. 

Artikkelen held fram under biletet.

VINTERAKTIVITET: Flåm Guideservice var ein av dei som var først ute med å tilby vinteraktivitetar i Flåm, men er avhengig av hjelp frå aktørar for å lykkast.
VINTERAKTIVITET: Flåm Guideservice var ein av dei som var først ute med å tilby vinteraktivitetar i Flåm, men er avhengig av hjelp frå aktørar for å lykkast.

No er det slutt på det, og slik er det for stadig fleire av aktørane.

– Eg vil seie at det har vore eit felles løft av satsinga på vinteren her i området. Det har gjort at når aktivitetane er der, så er også serveringsstadene, transport og overnattingsstadene der også. Saman hjelper me kvarandre med å kunne halde ope lenger, seier han.

Spelar på lag

For framleis er det mange av gjestene som berre er på rundreise og reiser vidare. Då er det deira jobb, seier han, å få dei til å bli verande og ta ei natt i Aurland eller Flåm. 

– Men då må dei ha noko å gjere, ein plass å sova og noko å eta. Når desse tinga spelar saman, blir det bra. Det er ikkje så mange små plassar som Flåm, som har så mykje å by på. No er det om å gjere dette til noko me kan gjere heile året, sjølv om det ikkje er så lett å konkurrere med nordlyset, legg han til.

Skjerdal er likevel fast bestemt på at Sognefjorden og området rundt er unikt også om vinteren. Og det viser att i besøkstalet denne vinteren. Sjølv om samanlikningsgrunnlaget blir urettferdig, viser tala at det er potensialet i januar. 

Sterke vintermånader

I 2016 heldt dei ope denne månaden ved behov. 11 personar er ikkje til å rope hurra for. I år derimot har 281 personar nytta seg av Flåm Guideservice i same månad. 

– Januar har vore over all forventning. Me måtte setja inn ekstra kapasitet for å dekke behovet. Me hadde fjordsafari nesten kvar dag med unntak av to. Resten av dagane køyrte me på, og det med ganske bra belegg, seier han.

Og slik er fasiten også for februar, der dei har hatt 380 kundar samanlikna med rundt 250 i fjor. 

– Det er kjempebra for oss, og det er ei satsing me gjer. Det er ikkje billig å drive guideservice, det er gjestane som bestemmer kor mykje jobb guidane våre har. Me har kostnader me også, men me håpar denne satsinga på vinteren skal løne seg over tid, seier Skjerdal. 

Til toppen