CUTTING EDGE: Solcellepanel er i vinden, men NorSun i Årdal må vere i framkant av teknologiutviklinga for å kunne konkurrere i ein internasjonal marknad. No investerer dei i nye diamantsager. Foto: arkiv.
CUTTING EDGE: Solcellepanel er i vinden, men NorSun i Årdal må vere i framkant av teknologiutviklinga for å kunne konkurrere i ein internasjonal marknad. No investerer dei i nye diamantsager. Foto: arkiv. (Foto: Arkiv)

No installerer dei ny sagteknologi – håpar å spare titals millionar

Solcelleprodusenten NorSun i Årdal håper ny teknologi skal kutte kostnadane med meir enn 25 millionar kvart år. Denne veka kom tre nye diamantsager på plass.

Årdalstangen: I februar vart det kjent at NorSun investerer 70 millionar kroner i kostnadskuttande teknologi. Seksten nye sager skal bli ustyrte med enno tynnare diamanttrådar enn i dag.

OPTIMIST: I fjor gjekk NorSun i pluss for første gong sidan starten i 2008. Fabrikksjef Steinar Talle trur ny teknologi vil gjere verksemda enno meir konkurransedyktig i åra som kjem.
OPTIMIST: I fjor gjekk NorSun i pluss for første gong sidan starten i 2008. Fabrikksjef Steinar Talle trur ny teknologi vil gjere verksemda enno meir konkurransedyktig i åra som kjem.

Dei tre første maskinene er allereie operative, medan tre andre vil vere det i løpet av denne veka, melder fagbladet bygg.noI løpet av året skal alle dei seksten maskinene vere bytta ut.

Den nye teknologien gjer at svinnet blir mindre når silisiumsblokkene blir kutta til waferar, ein av dei viktigaste komponentane når du lagar solscellepanel. Men det viktigaste er at forbruket av diamanttråd går ned.

– Dette er ein av dei aller største utgiftspostane våre i dag. Totalt reknar vi med at investeringa vil spare bedrifta for mellom 25 og 30 millionar kroner årleg i lågare trådkostnader. Målet er at heile investeringa er henta inn att på litt over to år, sier Talle til bygg.no.

I fjor var første året at solcelleprodusenten gjekk i pluss, med eit overskot på 20 millionar kroner. Fabrikken seier til nettstaden at 2016 verkar enno meir lovande.

 

Til toppen