Lærdal: Sjølv om bøndene i Lærdal i år sette ny avlingsrekord med 230 tonn moreller, er det enno rom for forbetringar. I juli, før dei norske har rukke å kome på marknaden, er det nemleg dei importerte morellene som dominerer.
– Hadde me klart å komma ei veke tidlegare, så er det eit enormt potensiale der, seier Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt.
Les også: Morellene går unna
Jakta på det perfekte bæret
Stine Huseby frå Norsk Landbruksrådgjeving er prosjektleiar. Dei har no fått 145.000 av Fylkesmannen til å teste ut nye morellesortar.
Det perfekte bæret skal ikkje berre modne tidlegare. Det må vere fast og fint, for mjuke bær held den norske kunden seg unna.
– Me kan ikkje starte sesongen med dårelege moreller, så me må passe på å ha sortar som kan levere god nok kvalitet. Me brukar no kontaktnettverket vårt i land som England, Austerrike, Tsjekkia og Italia for å finne sortar som ikkje er i Norge i dag, men som kan fungere, seier Mundal.
Lita veke med stor betydning
Etter kvart som dei har funne gode kanditatar vil forsøksdyrkinga starte. Alt i jakta på ei ekstra veke i starten av sesongen.
Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men i denne samanhengen er det utslagsgjevande.
– Morellesesongen er på berre fem veker. Me har infrastruktur og pakkeri til å greie ei veke tidlegare utan å gjere større investeringar. Så det det blir berre ei ekstra veke med forteneste, seier Mundal.