Årdal: – Eg er kjempenøgd med vedtaket. I dag har eg alt begynt å ringja rundt til dei som har vist interesse for å kjøpa husvære her tidlegare. Eg håpar dei framleis er interesserte, seier Greta Steinheim i Årdal Boligbyggelag (ÅBBL).
(Artikkelen held fram under biletet)

Kommunestyret vedtok samrøystes ein detaljreguleringsplan som slår fast at Storevegen 28 frå no av skal vera til bustadføremål, både i fyrste og andre etasje.

– No kan bustadprosjektet starta. Arbeidarpartiet og Senterpartiet gjekk saman om å laga framlegget til detaljreguleringsplanen for Storevegen 28, og det vart samrøystes vedteke, seier Marie-Helene Hollevik Brandsdal, leiar i Ap i Årdal.
I 2018 og 2019 skal det koma ein reguleringsplan òg for resten av sentrum i Øvre Årdal. Uavhengig av korleis denne vert, vil Storevegen 28 no forbli detaljregulert til bustadføremål.
Har hatt planar om dette burettslaget i snart eit år
Heilt sidan februar har ÅBBL og Ole Vidar Øren i Legal Eigedom hatt planar om å realisera burettslagsprosjektet i Storevegen 28.

Som Greta Steinheim i ÅBBL, er Ole Vidar Øren nøgd etter at kommunestyremøtet fatta vedtaket:
– Slik som me oppfattar vedtaket, so har me grunn til å vera rimeleg nøgde, seier Øren.
Han er også nøgd med at reguleringsplanen for Øvre Årdal frå 1996 inntil vidare framleis er gjeldande. Denne gamle reguleringsplanen seier mellom anna at varetransport til Bunnpris kan verta køyrt gjennom gågata.
Tidlegare har Steinheim i ÅBBL og Øren i Legal Eigedom uttala til Porten.no at heile bustadprosjektet kan koma til å ryka dersom ikkje varebilar får køyra til Bunnpris gjennom gågata, i samsvar med den gjeldande reguleringsplanen frå 1996.
