EINSLEGE MINDREÅRIGE: UDI Vest har fått inn 11 tilbod i anbodskonkurransen med frist 4. mai. Eit av desse tilboda er i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving.
EINSLEGE MINDREÅRIGE: UDI Vest har fått inn 11 tilbod i anbodskonkurransen med frist 4. mai. Eit av desse tilboda er i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving.

No kan det kome asylmottak i Lærdal

UDI Regionkontor Vest har fått inn 11 tilbod i anbodskonkurransen med frist 4. mai, om drift av asylmottak for einslege mindreårige.

Lærdal: Tre av desse tilboda finn ein i Sogn i Lærdal, Aurland og Høyanger. I Lærdal er det Hero som står som tilbydar av 40 plassar, medan Lopex vil tilby 40 plassar i Aurland.

I Lærdal vil det bli oppstart allereie 1. juli, medan i Aurland blir oppstart 1. september.

Totalt blei det søkt om 100 plassar i kvar av landets seks regionar, så fungerande regiondirektør, Sissel Mehammer, er godt nøgd med tal tilbod som er komne inn.

– Me søkte etter 100 plassar og er glade for å ha fått inn så mange tilbod. Me er også nøgde med at me ser nye aktørar på lista, seier ho i ei pressemelding.

Arbeidet med å kvalitetssikra tilboda er allereie i gong og vil pågå i vekene som kjem. Sidan det framleis er tidleg i prosessen vil UDI berre gå ut med namn på berørte kommunar. 

Meir eksakt plassering av mottak vil truleg bli kjend etter at kontraktar er tildelt, noko som etter planen skjer 8. juni, men som Porten.no tidlegare har skrive, er det ingen løyndom at Høgeloft AS har eit ønskje om å kunne tilby mottak for einslege mindreårige på Borgund i Lærdal med Hero som driftar av mottaket.

Tidlegare i vinter gav formannskapet i Lærdal dispensasjon til å setje opp ein brakkerigg som skal nyttast som asylmottak i Borgund sentrum, men med forbehold om at enkelte ting, som tilkomst til ridebane, skal vere på plass.

– Om me får anbodet, må me rekne med ein byggjeperiode på 1,5 til 2 månadar. Det er ein del bustadelement som må flyttast på, sa Jan Geir Solheim tilbake i mars. 

– Mottaket på Borgund vil kunne utløyse 30 årsverk og nye arbeidsplassar.

Til toppen