TIL SALS: Kommunestyret i Lærdal vedtok torsdag å leggja kulturhuset ut for sal i håp om at det vil få fart på både aktørar og eventuelle drivarar.
TIL SALS: Kommunestyret i Lærdal vedtok torsdag å leggja kulturhuset ut for sal i håp om at det vil få fart på både aktørar og eventuelle drivarar. (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

No kan dette bygget bli ditt. Politikarane vil leggja kulturhuset ut for sal

– For å få litt fart på alle, seier me at me sel det, og så får me sjå kva det resulterer i, seier Trond Øyen Einemo (H).

Lærdal: Det var han som fremja forslaget om rett og slett å leggja Lærdal kulturhus ut for sal på vegne av hans eige parti, Venstre og Senterpartiet. 

Lærdal kulturhus har mildt sagt vore ei heit potet i lærdalssamfunnet i fleire år. Omtrent alle har hatt ei meining om kva som burde skje med bygget som i dag inneheld Sogn kunstsenter, eit lydstudio, Villakssenteret, ein kafé og har funksjon som kulturhus og kino.

FART: Trond Øyen Einemo (H) håpar vedtaket vil få fart på sakene etter lang tid med diskusjonar om kva Lærdal kulturhus eigentleg skal innehalde.
FART: Trond Øyen Einemo (H) håpar vedtaket vil få fart på sakene etter lang tid med diskusjonar om kva Lærdal kulturhus eigentleg skal innehalde. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Det er mange krefter som spelar mot og med kvarandre, og det har resultert i ei vanskeleg sak. For å få litt fart på alle, seier me at me sel det, så får me sjå kva det resulterer i, seier Einemo.

Ap og SV ville avklara kommunal bit først

Då kommunestyret handsama saka torsdag, sat dei til slutt att med to framlegg som var nesten heilt like, men der Arbeidarpartiet og SV først ville få styr på det kommunale innhaldet før dei i det heile ville selja eller utseksjonera delar av bygget til private. Å flytta biblioteket og ungdomsklubben har vore diskutert.

– Me vil ha den brikka på plass først. Me har høyrt ungdommane sjølve seia at dei kanskje kunne tenkja seg å flytta hit. Her kunne ein òg ha samla kulturskulen, slik at ein fekk alt på éin plass, forklarar Kåre Mentz Lysne (Ap).

Einemo kallar framlegget ei kvileputa, men Lysne er klar på at dette er noko dei skulle ha fått klarheit i før jul.

DISKUSJON: Dei to framlegga var prinsipielt ulike, men samstundes ganske like. Audun Mo (Ap) i blått tykte det var synd at dei to blokkene ikkje kunne koma til semje om eit framlegg der ein seksjonerte ut det kommunen har behov for og selde resten. Her i diskusjon med Gro Starheimsæter (Sp).
DISKUSJON: Dei to framlegga var prinsipielt ulike, men samstundes ganske like. Audun Mo (Ap) i blått tykte det var synd at dei to blokkene ikkje kunne koma til semje om eit framlegg der ein seksjonerte ut det kommunen har behov for og selde resten. Her i diskusjon med Gro Starheimsæter (Sp). Foto:  Truls Grane Sylvarnes

– Dessutan er det brukt både 60-80-100 millionar i huset. Då tykkjer me det er litt lettvint berre å selja det. Me har eit ansvar for det som er gjort, meiner Ap-politikaren.

– Finst kjøparar til rette premissane

Kommunen tar no eit relativt drastisk steg sett i forhold til tilrådinga frå administrasjonen i saka, der forslaget var at kommunen tok på seg ansvaret for å utvikla bygget sjølv dei neste tre åra. Ein av grunnane til det er at sonderingar syner at ingen er interessert i å investere i bygget.

– Finst det då kjøparar?

– Til dei rette premissane gjer det heilt klart det, men så lenge kommunen brukar tida på å utreda eigna behov, er det klart dei springe. Dei er like utolmodige som oss, svarar Einemo. 

– Men det er ting som må avklarast før bygget kan kastast ut for sal. Det er aktørar i bygget i dag, til dømes kunstsenteret som sit på ein tredjedel. Og så har ein Villakssenteret og kafeen. Her må me avklara deira leigepris og om dei vil halde fram. 

Til toppen