SVÆRT VIKTIG: Å arbeide systematisk med språk frå barna byrjar i barnehagen til dei går ut av vidaregåande skule legg eit svært viktig grunnlag for god læring og utvikling for barn og elevar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Arkivfoto
SVÆRT VIKTIG: Å arbeide systematisk med språk frå barna byrjar i barnehagen til dei går ut av vidaregåande skule legg eit svært viktig grunnlag for god læring og utvikling for barn og elevar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Arkivfoto (Foto: Arkiv)

No kan din kommune bli språkkommune

Fleire kommunar og fylkeskommunar kan denne våren få status som språkkommunar. Kommunane som blir utvalde vil få hjelp til å styrke språkarbeid i barnehagar og på skular.

Målet er å styrkje barnehagane og skulane sitt arbeid med språk, og å gjere norske elevar betre til å lese og skrive.

– I fjor fekk dei første kommunane og fylka stønad til å arbeide heilskapleg med språk, lesing og skriving. Å arbeide systematisk med språk frå barna byrjar i barnehagen til dei går ut av vidaregåande skule legg eit svært viktig grunnlag for god læring og utvikling for barn og elevar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Lærarar og barnehagelærarar i språkkommunar skal delta i faglege nettverk for å utvikle nye måtar å jobbe lokalt med språk, lesing og skriving. Kommunane og fylkeskommunane får tilskot til lærande nettverk og til delvis frikjøp av ressurslærarar. Dei får òg fagleg stønad frå Lesesenteret og Skrivesenteret undervegs.

Satsinga er del av "Språkløyper" – nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016-2019." Om lag 40 millionar kroner er sett av til strategien. Fristen for å søke går ut 1. mars.

Til toppen