NØDNUMMER: For at døve og høyrselshemma enklare skal kome i kontakt med nødetatane, har regjeringa etablert eit pilotprosjekt som gjer at ein kan sende SMS direkte til nødnummera.​ Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

No kan døve og høyrselshemma sende SMS til nødnummera

For at døve og høyrselshemma enklare skal kome i kontakt med nødetatane, har regjeringa etablert eit pilotprosjekt som gjer at ein kan sende SMS direkte til nødnummera.

Indre Sogn: Som eit ledd i arbeidet med å forbetre tenesta, har Direktoratet for nødkommunikasjon på oppdrag frå regjeringa fått på plass pilotprosjektet som vil bli sett i drift i år.

– Eg er svært fornøgd med at døve og høyrselshemma får moglegheit til å kommunisere direkte med nødmeldingstenesta, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp).

Tilbodet kan bidra til å redde liv i situasjonar der ein høyrselshemma treff nokon som treng hjelp, ifølgje Direktoratet for nødkommunikasjon.

Pilotprosjektet er toårig, og den samlokaliserte nødmeldingssentralen i Bodø vil ta imot alle førespurnadene som kjem via SMS. (©NPK)

Til toppen