FORBOD MOT HYTTETUR: Sjølv om mange har tatt oppfordringa om å reise heim frå hytta, seier helseminister Bent Høie at det framleis er fleire som blir.
FORBOD MOT HYTTETUR: Sjølv om mange har tatt oppfordringa om å reise heim frå hytta, seier helseminister Bent Høie at det framleis er fleire som blir. (Foto: Høgre/pressefoto)

KORONAVIRUS

No kan du få bot for å reisa på hytta

Bent Høie informerte torsdag om at regjeringa no forbyr hyttetur til andre kommunar.

Sogn: – Så til ei nyhende som ikkje alle vil synest er god. Dette er ei beslutning eg hadde håpa me kunne sleppe å ta, men me kjem til å forby opphald på hytter utanfor eigen heimkommune, seier Bent Høie på ein pressekonferanse torsdag.

Han understreker at han har er veldig glad for at mange hyttefolk har følgt oppfordringa om å reisa heim, men at det dessverre er mange som også ikkje har gjort det.

– Det er mange små hyttekommunar som melder inn at dei har fleire som er på hyttene sine, seier Høie.

Nokre unntak

Sju av ti fylkesmenn tilråda denne forskrifta, etter at dei hadde vore i kontakt med kommunane. 

– Dei som vil på hytta, vil gjerne reise dit fordi dei ikkje vil bli utsatt for smitte på same måte som heime, og det forstår eg veldig godt, men det er ikkje det dette handlar om, sa helseministeren. 

Dei mange små hyttekommunane som har fleire fritidsbustadar, har ikkje kapasitet til å ta vare på sjuke hyttefolk i tillegg til sine eigne. 

Det kjem til å vera null dispensasjon, men nokre enkle unntak.

– Viss nokon i familien din har påvist smitte, kan resten av familie sitte i karantene på hytta for å unngå å bli smitta sjølv, sa han. 

Brot på denne lova kan føre til bot eller fengsel i opp til 6 månadar, står det i lova. 

Til toppen