ELEKTRISK FRAMTID: Fylkeskommunen ønskjer å stimulera til at fleire tek seg fram utan å bruka bil.
ELEKTRISK FRAMTID: Fylkeskommunen ønskjer å stimulera til at fleire tek seg fram utan å bruka bil. (Foto: Norsk Elbilforening/Flickr-CC BY 2.0)

No kan du få dekka halve kostnaden når du kjøper elsykkel

Men då må du vera kjapp.

Leikanger: Både privatpersonar, verksemder og kommunar kan no søka fylkeskommunen om støtte til kjøp av elsykkel.

– Me gir tilskotet i ein avgrensa periode for å redusera bruken av bil til persontrafikk, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding onsdag.

Dei har sett av 200.000 kroner til støtteordninga, som blir avslutta når pengane er brukte opp. 

Du kan få dekka opptil halvparten av det elsykkelen kostar, men maksimalt 5000 kroner per stykk. Kjøper du derimot ein sykkel som i tillegg kan frakta last eller passasjerar, kan du få opptil 10.000 kroner i støtte.

Til toppen