GRÜNDERBLOGG: Kjetil Russenes har lyst til å starte eit kaffibrenneri i Sogndal. No kan du følgje reisa til gründeren gjennom bloggen hans på Porten.no. Foto: Halvor Farsund Storvik.
GRÜNDERBLOGG: Kjetil Russenes har lyst til å starte eit kaffibrenneri i Sogndal. No kan du følgje reisa til gründeren gjennom bloggen hans på Porten.no. Foto: Halvor Farsund Storvik.

No kan du følgje gründerreisa til Kjetil​

Kjetil Russenes har lyst til å starte eit kaffibrenneri i Sogndal. No kan du følgje reisa til gründeren gjennom bloggen hans på Porten.no. Les det første innlegget nedst i artikkelen.

Sogndal: Porten.no har tidlegare skrive om Russenes. Tilbake i februar pitcha han ideen om eit kaffibrenneri i Sogndal under Fjellsportfestivalen. No har ideen blitt til handling.

– Me har mykje god lokalmat i fylket, men heng kanskje litt etter når det kjem til kaffi. Ser ein til andre plassar, spesielt i byane, men også i distrikta, så byrjar det å veksa fram kaffibrenneri. Det tykte eg høyrtest spennande ut. Eg har alltid vore ein kaffidrikkar, byrjar Russenes.

Ideen kom til i fjor haust på ein klatretur med ein kompis. Kompisen hadde med seg ein pakke brent kaffi frå Lofoten. Dei drakk kaffi og koste seg, og då slo det han: Dette må me ha i Sogn.

Gründerblogg

I mars starta han ein blogg for å fortelja vener og kjende om kva han held på med. No flyttar han bloggen inn på Porten.no. Slik kan du følgje ein gründer i emning. 

– Eg kjem til å skrive på same måte som når eg skriv til vener og familie. Det kjem til å vere ein ærleg blogg om prosjektet mitt, om kaffi, korleis eg tenkjer og korleis eg jobbar for å få dette på beina. Eg synest det er spennande å starte ei bedrift, og viss folk synest det er spennande å lese, er det kjekt, seier han.

Sogndal er blitt kjende for nyskapingsmiljøet sitt. Russenes skildrar det som «sinnsjukt bra», der ein blir tatt inn i varmen og føler deg meir som ein gründer.

Smaken av Sogn

Etter kvart startar no arbeidet med å utvikle produktet. Kva er smaken av Sogn? 

– Me kjem til å lage både spesielle kaffitypar, men også lage ein type kaffi som treff gjennomsnittskaffidrikkaren. Kanskje me kan rullere mellom typane, der me vekslar mellom kaffi frå ulike land, forklarar han.

Marknaden skal iallfall vere god her i Noreg, som er eitt av dei mest kaffidrikkande landa i verda. Nordmenn er også blant dei mest kresne. 

Korleis det går, får du svaret på når det første blogginnlegget kjem i helga. Etter dette kjem innlegga til kome med jamne mellomrom, nokre gonger tettare enn andre. 

Bloggen har Russenes allereie starta med i mars. Under kan du difor lese kva han sjølv skreiv om starten på soga.

Ein start på soga (1. mars)

Det var under ei pilgrimsferd til det heilage fjellet Skogshorn at eg og Øystein vakna opp i fjellet ein fager morgon. Det knitra frå bålet, og vatnet i kaffikjelen nærma seg passelege temperaturar. Fram frå taska si drog Øystein – ei mindre taske. Inni den låg det kokmalt kaffi, frakta heilt frå Nord-Norge til Hemsedal, via Sogndal. Truleg også frå eit anna kontinent før den tid. Eg tok ein slurk. Saker! Aldeles gledens! Brått såg eg føre meg ei rekke hendingar. Eit lokalt kaffibrenneri i Sogndal… I løpet av eit millisekund stod eg heime med kaffibrennaren, det ryk ut av pipa, ein nydeleg os av kaffi legg seg i rommet. Dei første bønnene er straks klare for servering.

Eg fortsette å prate litt om ideen då eg kom heim. Det gjer eg frå tid til anna, utan at alle idear nødvendigvis vert fulgt opp 100 prosent. Denne gangen skulle det vise seg at det var fleire som tykte det var ein god idé. På jobb måndag etter kasta eg ideen ut i lufta for gjengen som jobba på Leirskulen. Saka var klar, etter ei samrøysta avstemming blei ideen erklært for god.

Men det skjedde ikkje så mykje konkret. Av og til treng ein eit lite spark bak. 

Seinare skulle eg få meg eit metaforisk spark bak, så hardt at det kunne gitt varige mén.

Du skjønar, tilbake i Februar så klarte eg ikkje å dy meg.. Det heile endte opp med at eg meldte meg på ein Gründerpitch under fjellsportfestivalen. Ein knallhard jury, beståande av representantar frå Kunnskapsparken, Gründermiljøet samt sjølvaste ordføraren i Sogndal lot seg forlokke av tanken på lokalbrent kaffi.

Stipend, kontor, rådgiving… All den hjelp eg kunne drøyme om skulle vise seg å bli mitt.

Og etterpå balla det på seg.

Noko til dei grader også!

PS: Sognefjord kaffibrenneri er ein arbeidstittel. Namnet kan bli endra fortløpande!

Til toppen