GRØN MARKNAD: For mange er Haustmarknaden i Lærdal eit godt høve til å sikre forrådet før hausten tek slutt.
GRØN MARKNAD: For mange er Haustmarknaden i Lærdal eit godt høve til å sikre forrådet før hausten tek slutt. (Foto: Jan Christian Jerving)

No kan du fylle spisskammerset med haustens smakar

Haustmarknaden i Lærdal startar i morgon.

Lærdal: Marknaden har i år bikka femti seljarar, med stort og smått. Her er alt frå antikvitetar, spekemat, hudpleieprodukt, jakker, fetaost frå Hellas, aurlandssko, sportsutstyr og strikkaklede.

LITT AV KVART: I tillegg til mat- og salsboder, byr Haustmarknaden i Lærdal på konsertar og konkurransar av ymse slag. Marknadssjef Astrid Trulsen håpar så mange som mogleg tek turen innom. 
LITT AV KVART: I tillegg til mat- og salsboder, byr Haustmarknaden i Lærdal på konsertar og konkurransar av ymse slag. Marknadssjef Astrid Trulsen håpar så mange som mogleg tek turen innom. 

– Her skal du kunne få det meste du har lyst på, seier marknadssjef Astrid Trulsen.

Les også: Haustmarknaden berga i tolvte time
Les også: Rekordtal for haustmarknad

Lokalmat i vinden

Men det er ikkje tvil om at det er maten som står i sentrum. Og det bugnande grønsakstorget til Ernesto Labarca, mannen bak Lærdal Torg, er eitt av dei store trekkplastra. Her kan du skaffe det meste av frukt og grønt som blir produsert i Lærdal.

– Det vart litt tidleg for epla, så dei måtte han importere heilt i frå Leikanger. Men det meste er kortreist herifrå dalen, seier Trulsen.

Ho har vore lenge i gamet og gler seg over oppsvingen lokalprodusert mat har hatt dei siste åra.  

– Folk vil ha det så nært som mogleg. Helst vil dei vite kven som har laga det, seier ho.

Håpar marknaden lever vidare

I år var det like før heile marknaden vart avlyst. Men i tolvte time gav politikarane den naudsynte økonomiske garantien.

Trulsen seier dei har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på organiseringa av marknaden i framtida. Håpet er å finne løysingar som gjer at den står betre på eigne bein og vert mindre avhengig av innsatsen til enkeltpersonar.   

– Eg har snart vore med i tredve år og håpar det skal fortsette etter at eg gir meg. For eg ser kor viktig dette er for Lærdal, seier Trulsen 

 

Til toppen