DUGNAD: Skøyteisen på Filefjell har blitt laga ved hjelp av dugnadsinnsats frå brannvesenet i Vang og selskapet som jobbar for ikkje-kommersielle aktivitetar i området.
DUGNAD: Skøyteisen på Filefjell har blitt laga ved hjelp av dugnadsinnsats frå brannvesenet i Vang og selskapet som jobbar for ikkje-kommersielle aktivitetar i området. (Foto: Terje Eldegard)

No kan du gå på skøyter på Filefjell

Skøyteisen på Tyinkrysset er kanskje ikkje så altfor mykje å skryta av i debutsesongen. Men folka bak har store planar.

Filefjell: – Det er ein is det går an å gå på skøyter på, men det er ikkje her du set verdsrekordar, seier Terje Eldegard, før latteren avslører at dette ikkje er falsk audmjukskap.

Han er primus motor bak skøytebana på Tyinkrysset, som opnar for første gang i dag, onsdag. Det er eit nytt og gratis aktivitetstilbod, som initiativtakarane håpar skal trekka folk til området.

Ikkje minst årdøler og lærdøler.

– Dei er hjarteleg velkomne. Me skal brøyta meir parkeringsplass, viss det blir naudsynt, seier Eldegard.

Bestefar hans kjem forresten frå Årdal, for dei som stussa på etternamnet.

Vil læra av feila i debutsesongen

Eldegard seier målet denne vinteren er å henta mest mogleg erfaring, slik at dei veit kva som skal til for å få god is neste år. Sidan det no er første gong har det vore mykje prøving og feiling.

Spesielt det siste.

– Fordi me har fylt på for mykje vatn i same slengen har me hatt problem med luftlommer i isen. Me har hatt grus som flyt opp, så me har hatt vanskar med å få vatnet til å dekka over. Me har masse å læra, seier Eldegard, men lover at dei allereie har gjort nokre viktige konklusjonar.

– Aktivitetar hevar området

Skøytebana er laga i regi av selskapet med det kronglete men treffande namnet Fjellets fellesgodefinansiering. Eldegard er styremedlem, og seier dei brukar inntekter frå hyttesal til å skapa ikkje-kommersielle aktivitetar.

– Aktivitetar hevar området. Då vil folk komma hit og gjerne vera her fleire helger når dei er på hytta, seier Eldegard.

Blir isbaneprosjektet ein suksess, har dei ein billeg og god familieaktivitet, dei lett kan kopiera fleire plassar.

– Me har allereie diskutert korleis me skal få lagd til fleire små isbaner rundt om, slik at folk slepp å reisa så langt for å gå på skøyter, seier Eldegard.

Til toppen