TIL LÅNS: Dersom du ønskjer, kan du få låna brudestasen til å gifta deg i han. Foto: Anne Karin Skjær.
TIL LÅNS: Dersom du ønskjer, kan du få låna brudestasen til å gifta deg i han. Foto: Anne Karin Skjær.

No kan du gifta deg i brudestas frå Lærdal

Men du får berre låna han.

  • Endret

Etter ti års jobbing blei endeleg brurekrona frå Lærdal klar i 2012. No opplyser Lærdal og Borgund bygdekvinnelag at det er fritt fram å låna både krona og bunaden til sitt eige bryllaup.

Bygdekvinnelaget har brukt lang tid på å leite etter den riktige utforminga av krona, og dei har vore både på museumet på Kaupanger og i Årdal for å studera brurekronene dei har der. 

Kari Hjermann har tidlegare fortalt til Porten.no at dei brukte mykje av tida til å sjå på gamle bilete av bryllaup i området.

Dei la då merke til ein slags blomekrans av stoff, som var knytt rundt hovudet. Den nye krona burde ikkje vere for tung og skulle ha motiv frå Lærdal. Dette skapte inspirasjon til den nye «Lærdalskruna».

Vakte oppsikt

Laurdag blei publikum presentert for brudestasen, og Linda Kvam Bjørkum var den som fekk æra av å bere det flotte antrekket. Med ein godt nøgd lærdalsordførarar Jan Geir Solheim ved si venstre side, vakte dei oppsikt under ein spasertur blant den gamle trehusbegyggelsen på Lærdalsøyri. 

Bygdekvinnelaget opplyser at ein kan ta kontakt viss det er ynskje om å leige den æreverdige brudestasen, med både bunad og krona. 

Dei som har jobba med prosjektet er Kjellrun Nesse frå Borgund Bygdekvinnelag, Anne Sofie Natvik Henriksen, Kari Hjermann frå Lærdal Bygdekvinnelag, og Jorunn Hunderi som syr bunadar. 

Ansvaret med å lage krona har Knut Mykkeltvedt frå Fjordsylv i Vik hatt.

Til toppen