ANDLETLØFT: Toalettet ved badestranda i Flåm har fått seg eit realt andlretløft.
ANDLETLØFT: Toalettet ved badestranda i Flåm har fått seg eit realt andlretløft. (Bilde: )

No kan du gjera frå deg i skjønne omgjevnader i Flåm

Hamnevesenet har fått opp fleire nye toalett og dekorert eksisterande med store bilete frå nærliggjande natur.

 

TOILET WITH A VIEW: Når ein sit på ein av dei nye doane på prakeringsplassen i Flåm, er det denne «utsikta» som ventar ein.
TOILET WITH A VIEW: Når ein sit på ein av dei nye doane på prakeringsplassen i Flåm, er det denne «utsikta» som ventar ein. Bilde: Aurland Hamnevesen KF

Aurland: – Du kan til og med sitja på Stegastein og drita, humrar assisterande hamnesjef i Aurland hamnevesen, Jon Olav Stedje.

For å gje eit større tilbod til naudne turistar har hamnevesenet no fått opp nye toalett på a-feltet på parkeringa i Flåm. Her er det fire dametoalett, to herretoalett og fire pissoar. Toaletta er dekorerte med bilete frå naturen i området.

– Tanken er å letta trykket på toaletta inne på stasjonsbygget, seier Stedje. 

Vil inspirera gjestene til aktivitet

Dei nye toaletta har stått oppe eit par veker, og ser ut til å ha effekt.

– Ja, det funkar. No har me ikkje gått inn for å skilta for hardt så me får ein innkøyringsfase, men me skiltar meir etter kvart, fortel Stedje.

Toalettet på badestranda i Flåm har vore der lenge, men står fram i heilt ny drakt. Her har hamnevesenet lagt på folie med vakre naturbilete.

– Poenget med dette grepet er å inspirera gjestene våre til aktivitet.

– Treng ei meir heilskapeleg toalettløysing

Dårleg toalettkapasitet har vorte gjenstand for diskusjon i sommar og reiselivsdirektør i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug har teke til orde for at innføring av turistskatt ville langt på veg ha løyst dassproblemet.

Stedje fortel hamnevesenet årlegb brukar 90 000 kroner på toalett i Gudvangen, 50 000 kroner i Undredal og 170 000 kroner på toaletta på stasjonsbygget i Flåm, pluss at dei no altså har fått opp nye toalett på parkeringsplassen.

– I områda me har ansvar for fungerer det ganske greitt no, men det er heilt klart eit stort trykk på toaletta. Så det går, men me har behov for fleire. Me ventar på den store reguleringsplanen frå kommunene som mange snakka om, for det trengst ei meir heilskapeleg toalettløysing. Men fram til det er avklart har me kome opp med desse mellombelse løysingane så folk som kjem hit kjem seg på do.

Til toppen