POSITIV: Dagleg leiar ved Sogn Gravferdshjelp er positiv til tilbodet om å ha dødsannonsar på nett. Foto: Jonny Akselsen
POSITIV: Dagleg leiar ved Sogn Gravferdshjelp er positiv til tilbodet om å ha dødsannonsar på nett. Foto: Jonny Akselsen

No kan du ha dødsannonsar på Porten.no

Nettavisa Porten.no har gått gjennom store forandringar dei siste månadane. Nokre tilbod er tekne vekk og erstatta med nye, spennande verktøy.

  • Endret

Eit av desse verktøya er dødsannonsar. 

– Det stemmer. Dette er nok nytt for dei fleste, og eg hadde aldri vore borti liknande før, men porten.no handlar om å tenkja nytt, og me veit at dette er noko folk er opptekne av og set pris på, seier ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes.

porten.no har oppretta eit samarbeid med Sogn Gravferdshjelp, som via eit profesjonelt firma kalla Adstate hjelper til med å få dødsannonser publisert på nett. 

– Fin service

Adstate er det same firmaet som i dag leverer dødsannonser til dei fleste aviser i Noreg.

– Det synest eg er ein fin service for pårørande og kundar. Dette synest eg er fint, seier Kjell Grønli, som er dagleg leiar Sogn Gravferdshjelp.

Klikk HER for å koma til dødsannonsar på Porten.no.

– Det eg tenkjer på er at då kan jo dei som ønskjer det gå inn og sjå dødsannonsen når dei vil uavhengig av om dei har den rette avisa.

DØDSANNONSAR: Ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes håpar folk brukar tilbodet. 
DØDSANNONSAR: Ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes håpar folk brukar tilbodet. 

– Dessutan er det viktig å understreka at annonsane ligg ute som bilete, og namna er berre søkbare på Porten.no. Det er ikkje slik at ein tilfeldigvis vil koma inn på dødsannonsen via Google, legg Sylvarnes til. 

Gode erfaringar

Sjølv om du kanskje ikkje har sett dette før, er det fleire aviser som tilbyr dette på nett. To døme er VOL.no og Sarpsborg Arbeiderblad

Ansvarleg redaktør Bernt Frode Lyngstad i Sarpsborg Arbeiderblad seier dette har gått knirkefritt. 

– Det er ganske enkelt å oppsummera erfaringane. Samtlege dødsannonsar me mottek til papiravisa vert òg lagt ut på nett. Gravferdsbyrå og bestillar har moglegheit til å reservera seg. Til no har ingen gjort det, seier han.

– Verken redaksjonen eller marknadsavdelinga har motteke reaksjonar frå pårørande eller byrå på praksisen, så dette har vore heilt ukontroversielt.

Vanleg praksis

Grønli seier dødsannonsar på nett er i ferd med å bli ganske vanleg.

– Eg trur dette er framtida; at ein kan gå på nett og lesa og at dette blir den mest vanlege måten å annonsera på i framtida.

– Det er veldig seriøst det som skjer no. Dette gjer det lettare å orientera seg om når gravferder er, og ein veit at all informasjonen ligg på nettet. 

Praktisk

Sylvarnes håpar dette går knirkefritt og at dette er eit tilbod folk vil bruka.

– Me må ta omsyn til konkurrentane våre, og me forstår at folk ikkje er interessert i å betala fleire tusen kroner for ein dødsannonse både på Porten.no i tillegg til andre stadar. Difor vil pårørande og kundar få dette tilbodet via Sogn Gravferdshjelp for ein pris på 250,-. 

– Dessutan er det eit poeng at sjølv om Porten.no berre dekker Årdal og Lærdal og ein kanskje vil at slekta i Vik skal sjå det, så kan du ganske enkelt senda dei lenka. Har du slekt på Austlandet, må ikkje dei ha den aktuelle avisa for å lesa dødsannonsen. Du kan berre senda dei lenka, legg Sylvarnes til. 

Utvida tilbod

Etter kvart blir tilbodet ytterlegare utvida, fortel Grønli.

– Det som òg skjer er at det vert oppretta minnesider på byråa sine heimesider, der ein kan lesa annonsar, minneord, sjå bilete frå gravferda og leggja inn minneord sjølv. 

Dette vil fungera ganske enkelt. Dersom du mistar nokon og vil ha ein dødsannonse på Porten.no, kan du spørja Sogn Gravferdsbyrå om dette. Det vil framleis vera mogleg å setja inn annonse andre stadar. 

Til toppen