NY LÅT: Eirik Sognnes har nyleg sleppt låta «Fri meg». Arkivfoto
NY LÅT: Eirik Sognnes har nyleg sleppt låta «Fri meg». Arkivfoto

No kan du høyra den rykande ferske låta hans

Lærdølen Eirik Sognnes har nyleg sleppt låta «Fri meg» og tilhøyrande video av innspelinga.

Lærdal: Sognnes har spelt inn nokre låtar som han skal gi ut i 2017. Desse omkransar den same tematikken, og først ut er singelen «Fri meg».

Les også: Kjem med ny singel: – Føler eg har noko viktig på hjartet

– Dette er litt slutten av historia eg skal fortelja i løpet av året –  ein song om å bli redda av kjærleiken, fortalde han til Porten.no for ein liten månad sidan.

– Karakteren har kanskje vore litt ustø og ikkje funne sin plass heilt, men når han finn den rette, fell ting på plass. Det er ein kjærleikssong, men eg føler den rommar litt meir, forklarar Sognnes om teksten.

Til toppen