PÅMELDING: No kan ungdom melda seg på Ungdommens kulturmønstring - her frå den lokale mønstringa i Lærdal vinteren som var. Arkivfoto
PÅMELDING: No kan ungdom melda seg på Ungdommens kulturmønstring - her frå den lokale mønstringa i Lærdal vinteren som var. Arkivfoto

No kan du melda deg på UKM

Eva Weel Skram oppmodar ungdom om å melda seg på i videoen levar ved Årdal vidaregåande skule har laga.

Indre Sogn: – Eg har høyrt at det skal vera UKM i Årdal og tenkte eg skulle helsa så mykje og seia at eg håpar så mange som mogleg melder seg på. Eg har sjølv vore med på UKM mange, mange gonger. Det var noko av det kjekkaste då eg vaks opp i Sogndal, seier Eva Weel Skram i videoen.

1.desember opna påmeldinga til dei lokale UKM-mønstringane. Her kan ungdom melda på bidrag innan musikk eller andre kulturuttrykk. 

– Treff så mange likesinna

Dei lokale mønstringane i dei ulike kommunane går av stabelen på følgjande stader til følgjande tider:

  • Årdal: laurdag 4.mars i Årdal kulturhus
  • Sogndal (også for Leikanger og Luster): søndag 12.februar i Sogndal kulturhus
  • Lærdal: laurdag 11.februar i Lærdal kulturhus
  • Aurland: fredag 3.mars i Aurland idrett- og samfunnshus

3STA (3.klasse studiespesialiserande) ved Årdal vidaregåande skule har laga ein promovideo for å få ungdom til å melda seg på:

I videoen figurerer artisten Eva Weel Skram, der ho fortel om sitt forhold til UKM og kvifor ho tykte der så kjekt: 

– Både fordi det var ei scene du kunne få uttrykka deg på og framføra på for eit publikum, men også fordi du treff så mange likesinna frå heile fylket som likar å gjera det same som deg. Så eg ville berre seia til dykk som vurderre å melda dykk på men ikkje er heilt sikre på om de torer; gjer det, berre gjer det!

Til toppen