ÅRDAL: No finn du gratis nett fleire plassar i Årdal.
ÅRDAL: No finn du gratis nett fleire plassar i Årdal. (Foto: Arkiv)

No kan du nytta gratis wifi rundtom i Årdal

Det skriv Årdal kommune i ei pressemelding.

Årdal: I 2017 etablerte EU ei støtteordning for utbygging av offentlege WiFi-soner i kommunane. Støtteordninga fekk namnet: WiFi4EU og inngår i EU sitt program Connecting Europe Facility.

Dette for å gje innbyggjarar og besøkande gratis internett med god kvalitet i områder som parkar, møteplassar, hamner, turistområder med meir.

Fyrste utlysing av midlar var i november 2018. Årdal kommune søkte, og fekk tildelt kr. 150.000,- i februar 2019. Deretter sende kommunen ut førespurnad om utbygging av Wifi-soner med tildelte EU midlar.

Leverandørar som ville vera med måtte registrera seg i EU sin søkjeportal, og stetta deira krav for utbygging. Årdalsnett har vore utbyggjar. Kommunen må garantere drift i 3 år.

Oversikt

Gratis Wifi er no tilgjengeleg her:

  • Torgområdet på Årdalstangen (frå Rådhuset, ned mot kai området og Meieriparken)
  • Torgområdet i Øvre Årdal (frå Sporten/Kafeen, ned til parkeringsplass Bunnpris)
  • Tangenhallen (kafe og hallen)
  • Årdalshallen (hallen og inngangsparti)
  • Parkeringsplassen på Hjelle

Nettverka er ferdig installert, sjekka og godkjend av WiFi4EU prosjektet. Det er fiber fram til sendeutstyret.

GRATIS WIFI: I nærleiken av netta vil de snart sjå desse skilta. Foto: Årdal kommune
Til toppen