Sogndal/Årdal: Med seg har dei eit repertoar som spenner over det meste av karriera til Pink Floyd.
– Dei har ein imponerande katalog å vise til, så me har mykje å ta av der, seier bassist og utflytt årdøl Per Arno Høra.
– Kor stor fan er du sjølv av Pink Floyd?
– Eg er kjempefan. Det er favoritten det, veit du. Eg opplevde dei på Valle Hovin i 1994. Då blei eg frelst.
Les også: Denne muntre gjengen vil massere lattermusklane dine
Turnèen har dei har hatt lyst til å gjere lenge. Dei har spelt fleire gonger før i både Sogndal og Årdal, denne gongen bestemte dei seg for å ta heile fylket på tvers.
– Me likar godt å spela på kulturhusa. Storleiken på scenene passar oss veldig godt. Samstundes er det kjekt å ta med oss showet litt ut i distrikta. Vanlegvis må du til byane for å få oppleve tributeband med Pink Floyd, seier Høra.
– Det verkar som det byrjar å bli ein liten tradisjon?
– Om ikkje det er ein tradisjon, så har konsertane me har gjort der før gitt meirsmak til å kome att. Og eg trur folk set pris på det me held på med på scena. Me gler oss i allefall.
Her er konsertlista:
- Torsdag 27.april kl. 1800: Årdal Kulturhus
- Fredag 28. april kl. 1900: Flora Samfunnshus
- Laurdag 29. april kl. 1900: Sogndal Kulturhus