HØYRING: Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer alle, både privatpersonar, selskap, lag og organisasjonar, til å kome med innspel til høyringa om Vestlandsregionen. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. 
HØYRING: Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer alle, både privatpersonar, selskap, lag og organisasjonar, til å kome med innspel til høyringa om Vestlandsregionen. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

No kan du seie meininga di om Vestlandsregionen

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer alle, både privatpersonar, selskap, lag og organisasjonar, til å kome med innspel til høyringa om Vestlandsregionen.

Fylket: Den føreslegne regionen, beståande av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, kan bli ein realitet frå 2020. Intensjonsplanen for samanslåing er lagt ut på offentleg høyring med frist 23. november, og alle kan fram til det seie si meining om den moglege samanslåinga.

– Dette er ei viktig sak for innbyggjarane i Sogn og Fjordane, for samfunnsutviklinga og tenestetilbodet i fylket. No er det viktig for oss å høyre kva dei som bur, jobbar, driv næring og lever her meiner, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Fylkestinget skal gjere vedtak om regionreforma og Vestlandsregionen i desember. Før den tid ønskjer fylkeskommunen å få fram så mange sider av saka som mogleg.

– Vi ynskjer i størst mogleg grad å få inn grunngjevne høyringsfråsegner, der argumentasjonen kjem tydeleg fram. Det gjer det lettare for oss når vi skal ta stilling til innspela i det vidare arbeidet, seier Følling.

Innspel og synspunkt kan sendast inn via nettsidene til fylkeskommunen. (©NPK)

Til toppen