VENTELISTE: Viss fastlegen du ønskjer deg ikkje har ledige plassar, kan du no sette deg på venteliste.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
VENTELISTE: Viss fastlegen du ønskjer deg ikkje har ledige plassar, kan du no sette deg på venteliste.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).  (Arkiv)

No kan du sette deg på venteliste for fastlege

Viss fastlegen du ønskjer deg ikkje har ledige plassar, kan du no sette deg på venteliste.

Sogn: Det opplyser helsedirektoratet i ei pressemelding. Frå og med juni kunne nordmenn ta i bruk ei ny digital løysing for byte av fastlege.

På helsenorge.no kan ein også frå måndag sette seg på venteliste dersom den ønskte fastlegen ikkje er tilgjengeleg.

– Vi veit at nokre fastlegar er spesielt etterspurde. Ein slik venteliste-funksjon har både befolkninga og vi som har ansvaret for bytta ønskt oss i lang tid, seier avdelingsdirektør og tenesteansvarleg Steinar Mathisen i Helsedirektoratet.

På nettsida kan ein også byte fastlege for eigne barn, men ein kan berre stå på éi venteliste av gongen.

Brukarar får brev når fastlegen er tilgjengeleg, og byttet skjer første dag i den komande månaden. (©NPK)

Til toppen