Aurland: – “Virtuelle Flåm” er ein innovativ måte å presentera den spektakulære Flåmsbana på. Aldri før har det vorte nytta teknologi av denne typen for å fronta jernbanestrekninga i sin heilskap, noko som igjen har gjort det mogleg for alle interesserte å bli vitne til nettopp kvifor Flåmbana er så populær som den er, seier Charlotte Gogstad, talsperson i Expedia Norge.

Heile togreisa på 44 minuttar frå Myrdal til Flåm er filma med eit 360º-kamera festa til fronten av toge. Slik får ein både eit panoramisk innsyn i strekninga og ser akkurat det same som lokføraren.
– Spennande visuell måte
Her kan du sjå heile filmen, men du må opna lenkja med ei eining som har VR (Virtuell røydom) -funksjonar installert for å få det rette panoramainntrykket.
– Visit Flåm og Flåm Utvikling AS set stor pris på samarbeidet med ein stor og seriøs aktør som Expedia, som gjennom ein slik interaktiv 360 gradersfilm av Flåmbana profilerer denne unike jernbanestrekninga og det vakre landskapet undervegs på ein spennande visuell måte, seier Bengt Hammer, marknadssjef i Visit Flåm.
Flåmsbana er populær som aldri før og hadde i 2016 eit estimert tal reisande på 920 000.
Les også: Flåmsbana rundar truleg 900 000