NYTT FYLKESVÅPEN: 18 ulike fylkesvåpen å stemma på.
NYTT FYLKESVÅPEN: 18 ulike fylkesvåpen å stemma på. (Foto: Vlfk.no )

No kan du stemma på ditt favorittfylkesvåpen

Det skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Sogn: Kva for fylkesvåpen likar du best?

No opnar nettavstemminga der òg fagjuryen har valt sine beste av dei totalt 667 forslaga. Dei 18 siste forslaga skal innan neste veke bli til ein folkefavoritt.

Du kan få seia di meining

Det er din tur til å seie di meining om kva for eit fylkesvåpen Vestland skal ha. Fram til torsdag 30. august kan du stemme på din favoritt.

Dei 18 forslaga er dei fylkesvåpena som både en fagjury og ein folkejury likte best av dei 667 forslaga som er komme inn frå publikum.

At det berre er 18 forslag å stemme på, og ikkje 20, betyr at to av forslaga var på lista hos både fagjuryen og folkejuryen.

Reglar for avstemming

Reglane for avstemminga er desse:

  • Det er ei stemme pr. mobilnummer
  • Vi ber om mobilnummer for at ikkje nokon skal stemme mange gongar
  • Det er gratis å stemme
  • Avstemminga er anonym
  • Alle som stemmer blir med i trekninga av fem universalgåvekort à 500 kr

Her stemmer du.

Du kan stemme fram til torsdag 30. august kl. 12.00, og personen som har utforma forslaget som får flest stemmer vil få 25 000 kroner i premie.  

Endeleg avgjerd i fylkestinget

Dette er ikkje ei avstemming om det endelege fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune. Folkefavoritten vert, saman med tre forslag frå fagkomiteen, tatt med vidare i ein designkonkurranse.

Her blir inntil fem designbyrå inviterte til å lage sine forslag til nytt fylkesvåpen. Dei står etter reglane fritt til å designe noko nytt, bruke forslaga som inspirasjon, eller bruke eit forslag i sin heilskap.

Etter at designbyråa har levert sine forslag skal fagkomiteen gjere ei vurdering av alle desse framlegga, og så innstille eitt av dei til nytt fylkesvåpen.

Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar som vedtek det endelege fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune mot slutten av året.

Teiknarane

Fylkesvåpena i finalen er teikna av:

Ola Henning Målsnes
Øyvind Andersson
Brage Dybwad
Brede Taraldset
Jessica Ella Smith
Gaute Knapstad
Jorunn Andreassen (to stk)
Anita Johannessen
Helge Oskar Alsos
Per Flatøy
Even Jarl Skoglund
Jens Drageset
Vilde Heggland
Rebecka Fedøy Randal
Ragnar Vikøren
Peter Ernst Wilhelm David Hanssen
Frank Halhjem

Til toppen