Årdal: Målet med kampanjen er å få flest mogleg til å aktivisere seg med symjing.
– Dette er ei av dei mest effektive treningsformer som finst, samstundes som den gir minst skader. Det er difor viktig for oss som steller med idrett å sjå så mange deltakarar i hallen som mogeleg. Og så er det no godt å kome seg ut i godt og heitt vatn når mørketida står utanfor vindauga, seier idrettskonsulent i Årdal kommune, Arne Hovland.
I 2016 var det om lag 50 deltakarar her i Årdal, men Hovland meiner potensialet er mykje større.
– Det er enkelt å registrere seg, enten på kort i badevaktluka eller direkte på nett. Kvar meter tel i samandraget, og er helsegevinst for den som sym.
I 2016 la dei 50 deltakarane 223 000 meter i bassenget frå 1. januar til 31. mars.
– Den som deltek er med i trekning av ei veke ferieopphald i Kroatia, i tillegg til fleire andre flotte premiar. I tillegg legg vi ut nokre mindre lokale premiar som vert trekt mellom registrerte deltakarar.