VAKSINE: No kan du vaksinera deg på apoteket.
VAKSINE: No kan du vaksinera deg på apoteket. (Foto: Sunniva Knutsen/Arkiv)

No kan du ta drop-in vaksine mot influensa på apoteket i Årdal

Hausten er her og influensasesongen nærmar seg. No kan alle som er i risikogruppa få satt vaksine mot influensa på apoteket – utan resept fra legen.

Årdal: Det kjem fram i ei pressemelding frå Vitusapotek Årdal. 

– Apoteka ynskjer først og fremst å bidra til at vaksinasjonsdekningen i befolkningen aukar. Influensa kan vera ein alvorlig sjukdom, særleg for eldre og personar med kroniske sjukdomar som diabetes og hjartesjukdom, seier Mette Karlsen Lilleby, farmasøyt og dagleg leiar ved Vitusapotek Årdal.

Influensa aukar risiko for lungebetennelse og følgeleg òg bruken av antibiotika. I tillegg er det viktig å unngå dobbeltsmitte i år, altså unngå at ein både blir smitta av covid-19 og influensa.

Eit godt supplement 

Det er kommunen som skal sørga for eit tilbod om influensavaksine til personar i risikogruppene, men apoteka kan vera eit godt supplement.

– Det er mange som ynskjer å vaksinera seg før influensasesongen startar. Dei fleste apotek har lengre åpningstid enn legar og kommunale tilbod, og dei ligg der folk flest ferdast. På vårt apotek kan ein koma innom for å få satt vaksinen frå 9:00 til 15:00 på kvardagar, eller andre tidspunkt etter avtale, fortel Karlsen Lilleby.

Ho gjer merksam på at også dei som er i risikogruppa må betala for vaksineringa på apotek.

– Vår erfaring er at ein del vel å betala sjølv for å få tatt vaksina raskt på ein enkel og trygg måte, utan å måtte bestilla time, seier Karlsen Lilleby.

Munnbind under vaksinering

På grunn av korona har apoteket innført ekstra smitteverntiltak i forbindelse med årets vaksinering. Du kan difor bli bedt om å ta på munnbind. Apoteket er nøye med å desinfisera overflater som blir berørt av kundar. 

– Dersom du føler deg sjuk skal du ikkje koma inn på apoteket. I desse dagar er det spesielt viktig å hugsa på dette. I tillegg er feber eit teikn på at immunsystemet allereie jobbar med å slå ned ein infeksjon. Vaksinasjon må difor utsettast, seier Karlsen Lilleby.

Godt førebudd før sesongen

Mange apotek, inkludert Vitusapotek Årdal, har hatt influensavaksinering i fleire år, men då med resept frå lege. Regelendringen som har gitt farmasøytar rett til å rekvirera influensavaksine trådte i kraft i slutten av august.

VAKSINE: No kan du vaksinera deg på apoteket. Foto: Privat/Arkiv

– Vårt helsepersonell har gjennomgått grundig opplæring, både teoretisk og praktisk. No er me fire tilsette som er sertifiserte vaksinatørar. Me på Vitusapotek Årdal er difor godt førebudde på å hjelpa alle i risikogruppa som ynskjer å vaksinera seg mot influensa no, seier Lilleby.

Før vaksinenering må du svara på nokre spørsmål, mellom anna for å avklara om du er i risikogruppa som kan få vaksina no. I tillegg må alle som tek vaksina venta på apoteket i minst 20 minutt etter at vaksina er satt.

Helsepersonell vaksinerer seg 

– Me som helsepersonell har òg eit spesielt ansvar for å begrensa smittespreiing. Tilsette på apotek møter alle typar kundar, både dei som har kroniske lidelsar og dei som kan vera smitta av influensa. Difor tek me òg influensavaksina, seier Karlsen Lilleby.

Til toppen