VITUS: No kan du vaksinera deg på Vitusapotek.
VITUS: No kan du vaksinera deg på Vitusapotek. (Foto: Sunniva Knutsen)

No kan du ta influensavaksina på Vitus apotek i Årdal

Samt i 150 andre Vitusapotek i landet. Det skriv apoteket i ei pressemelding.

Årdal: Det er ingen timebestilling, og det heile er over på en liten halvtime.

Så enkelt kan det gjerast for den som vil ta årets influensavaksine på Vitusapotek.

No står meir enn 600 godkjente vaksinesettarar klar til å stikka kundane sine, både raskt og effektivt.

Myndighetene har som mål at 75 prosent av dei som har behov for influensavaksina faktisk tek den. Dessverre er det altfor få som vaksinerar seg kvart år.

Vitusapotek vil no gjere det enkelt for kundane sine 

I sesongen 2016/17 døydde 1.700 personar av influensa.

VAKSINE: No kan du ta influensavaksina på Vitusapotek. Foto: Vitusapotek 

– Dei viktigaste risikogruppene er 65+, kolspasientar, astmatikarar, hjertepasientar, diabetikarar, og gravide. Men hjå oss er alle vaksne som ynskjer det sjølvsagt velkomen inn for eit lite stikk i overarmen, seier apotekar Mette Karlsen ved Vitusapotek Årdal.

Tilbudet blei testa i dryge 20 apotek i fjor, og erfaringane var så gode at du no kan vaksinera deg i meir enn 150 Vitusapotek over heile landet.

Vaksina kan bestillast på nett

Enkelt og greitt, så bestiller du vaksina på nett, og så går du til apoteket for å få vaksina satt.

– Det einaste me ber om er at dei som vaksinerar seg ikkje reiser frå apoteket før det er gått ein halvtime. Enkelte kan jo reagera på sprøytestikk med litt svimmelheit eller liknande, og då er det greitt at me er i nærleiken, seier Karlsen.

Til toppen