Sogndal/Haugesund: Når høgskulen no opprettar studiet Master of Science in Business, blir det frå i haust mogeleg for studentar å få grada siviløkonom ved avdelingane i både Sogndal og Haugesund.

– Det nye studietilbodet er eit viktig tiltak i målet om å tilby masterutdanningar på alle campusar ved Høgskulen på Vestlandet, seier dekan Anne Isabelle Robbestad i ei pressemelding.
Ho legg til at utdanninga også gjev grunnlag for opptak til det nye doktorgradsprogrammet innan «Responsible innovation and regional developement».
Med fokus på innovasjon og entreprenørskap
Studiet har særleg fokus på innovasjon og entreprenørskap, som er eit satsingsområde ved høgskulen. Studiet har to retningar «Marketing and Innovation», som ein kan studera i Sogndal, og «Regional Economics and Innovation», som blir undervist i Haugesund.
Innan «Marketing and Innovation» blir det vektlagt entreprenørskap i ein regional kontekst, innovasjonsleiing og bedriftsoppstart, entreprenørskap i praksis gjennom praksisplass i ei gründerbedrift, marknadsføringsteori og praksis, forbrukaratferd, innovasjonsteori og praksis.
Søknadsfrist for høgare utdanning er 31. mars.