Fylket: I dag er det over 400 slike kulturbygg i fylket, og mange av desse treng sårt oppussing, men det kostar og krev stor dugnadsinnsats.
– Kulturbygga er viktige møteplassar og trivselsarenaer for alle generasjonar. Dei fleste bygga byrjar å dra på åra, og mange treng rehabilitering og ombygging. Universell tilrettelegging, samt ENØK-tiltak som utskifting av trekkfulle vindauge og gamle dører, isolering og nytt tak står høgt på ynskelista til mange bygg, seier Ingunn Nyheim i ei pressemelding frå fylkeskommunen.
Ho er prosjektleiar for Huset i Bygda, eit prosjekt i regi av Sogn og Fjordane Ungdomslag og har i mange år arbeidd for å styrke kulturbygga. Nyheim meiner eigarane av kulturbygga no må vere om seg og sikre seg midlar til å setje bygga i betre stand.
Fekk inn over 40 søknader sist
No kan ein søkje om midlar frå ein pott på to millionar kroner, der 1,5 av desse kjem frå fylkeskommunen, medan Sparebankstiftinga bidreg med 500.000 kroner.
– Den statlege tilskotsordninga gir tilskot til nybygg, ombygging, rehabilitering og modernisering av kulturbygg. Lokale arenaer som til dømes grendahus, ungdomshus og forsamlingshus som inneheld kulturaktivitet som dans, teater, musikk, kunstformidling, vert prioriterte, seier rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Guro Høyvik.
– Styret i Sparebankstiftinga står samla bak ei satsing på dei lokale kulturbygga og sette i fjor av ein pott på 500 000 kroner. Dette skapte stort engasjement. Vi fekk inn over 40 søknadar om til saman fem millionar kroner. Sju kulturbygg fekk til saman 500 000 kr til oppussing og modernisering. Ordninga var ein suksess, og vi vidarefører ho i 2017, fortel kultursjef Pål Fidjestøl.