KAN BLI VERKELEGHEIT: Fardalen kraftverk kan bli verkelegheit. No har NVE oppmoda Olje- og energidepartementet om å gje Fardal Energi AS løyve om utbyggjing.
KAN BLI VERKELEGHEIT: Fardalen kraftverk kan bli verkelegheit. No har NVE oppmoda Olje- og energidepartementet om å gje Fardal Energi AS løyve om utbyggjing. (Foto: NVE )

No kan Fardalen kraftverk bli ein realitet

Fardal Energi AS har søkt om konsesjon til å byggja kraftverk i Fardalen i Årdal.

Årdal: Norges vann- og energiressurser (NVE) oppmodar Olje- og energidepartementet å gje Fardal Energi AS løyve til å byggja kraftverk i Øvre Årdal, skriv dei i ei pressemelding fredag. 

Fardalen kraftverk vil nytte eit fall på 444 meter i Fardalselva mellom inntak på 485 moh. og kraftstasjonen på 41 moh. Vassvegen vil ligge i tunnel.

Kraftverket vil produsera om lag 49,5 GWh i året. Dette svarar til straumbruken til om lag 2500 husstandar, ifølgje NVE. 

NVE: – Eit bidrag til meir fornybar energi

NVE meiner meiner at eit vasskraftverk i Fardalen vil bidra til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar. 

Dei skriv at det vil vera nokre ulemper for naturmangfaldet, både i og langs elva.

Med slepp av minstevassføring og med stasjonsplassering, vil desse ulempene etter vårt syn vera akseptable, heiter det. 

I pressemeldinga vektlegger NVE i tilrådinga si at dersom det vert planlagt og utført godt, at nytta vil vera større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser.

Til toppen