TRAFIKKTRYGGLEIK: Med eit ekstra fokus på trafikktryggleik kan IL Jotun no kalle seg for ein trafikksikker klubb. Søndag mottok Henrik Rønningen det synlege beviset. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRAFIKKTRYGGLEIK: Med eit ekstra fokus på trafikktryggleik kan IL Jotun no kalle seg for ein trafikksikker klubb. Søndag mottok Henrik Rønningen det synlege beviset. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

No kan Jotun kalle seg trafikksikker klubb

– Idrett er mykje, mykje meir enn berre idrett. Me har eit stort samfunnsansvar.

Det seier leiar for fotballgruppa i IL Jotun, Henrik Rønningen. Søndag var han på plass på Fosshaugane for å ta imot sertifiseringa som syner at Jotun er blitt ein trafikksikker fotballklubb.

Det betyr at dei har sett ting i system med høgt fokus på trafikktryggleik anten det er snakk om til og frå kamp eller til og frå trening.

– Då følgjer me opp at det blir brukt refleks og hjelm for dei som syklar til trening. Dessutan har me hatt fokus på å utdanne bussjåførar. Å bruka buss er den sikraste måten å transportere på, fortel Rønningen.

Fokus på trafikktryggleik

Klubben har hatt eit veldig fokus på trafikktryggleik, der dei ser til at alle nyttar utstyret som skal til. Spelarane vert også oppfordra til å gi beskjed ved dårlege opplevingar på turar. 

– Det er eit haldningsskapande arbeid, som dette med lys og refleks på sykkel, samt hjelmbruk. Det er ting som skulle vore sjølvsagt, men som ein ser ikkje alltid er på plass. 

Artikkelen held fram under biletet.

SERTIFISERING: Jotun er ein av fire klubbar som søndag mottok sertifiseringa. Dei andre klubbane er Førde, Sandane og Stryn.
SERTIFISERING: Jotun er ein av fire klubbar som søndag mottok sertifiseringa. Dei andre klubbane er Førde, Sandane og Stryn.

– Dette viser at idretten er mykje, mykje meir enn berre idrett. Me har eit stort samfunnsansvar, legg han til. 

Ein av fire

Jotun er ein av dei fire første klubbane i Sogn og Fjordane som søndag fekk denne utmerkinga saman med Sandane, Stryn og Førde.

Då var det først ein konferanse saman med krinsen, representantar frå fylkeskommunen og Trygg Trafikk, der Årdalstangen IL blei trekt fram som ein av foregangsklubbane. 

Deretter bar det ut på bana under Sogndals møte med Lillestrøm for overrekking av blomar og skilt som skal hengast opp på stadion som synleg bevis.

Buss nummer to

– No driv me faktisk å jobbar med ein buss nummer to fordi me har veldig behov for det. I tillegg ser me på å sertifisere eit køyrekortsystem for foreldra og køyre kurs med dei. Før var fart eit problem, men no er det mobiltelefonen som skapar farar.

– Me fekk første bussen i 2009, men det verkelege trykket kom i fjor. Då hadde me ufatteleg mykje køyring. 

Til toppen