2,5 MILLIONAR: Kommunane i fylket kan gjennom heile året søkje fylkeskommunen om tilskot til tettstadutvikling og stadforming. Foto: Synne Asheim Haga. 
2,5 MILLIONAR: Kommunane i fylket kan gjennom heile året søkje fylkeskommunen om tilskot til tettstadutvikling og stadforming. Foto: Synne Asheim Haga.  (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

No kan kommunane søke om midlar til tettstadutvikling

Kommunane i fylket kan gjennom heile året søkje fylkeskommunen om tilskot til tettstadutvikling og stadforming.

Fylkeskommunen har i 2017 sett av 2,5 millionar kroner til tettstadutvikling og stadforming.

– Kvar stad har karakter og uttrykt særpreg. Dette er skapt over tid og tufta på kollektiv forståing og bruk av felles natur og kulturverdiar. Me inviterer kommunane til eit kollektivt prosjekt for å styrke stadleg særpreg og karakter tufta på landskap, klima og historie, seier sivilarkitekt Mona Steinsland, som er ansvarleg for dette arbeidet i fylkeskommunen.

Alle kommunane i Sogn og Fjordane kan ta kontakt med fylkeskommunen for å få i stand eit samarbeid om tettstadutvikling og/eller stadforming.

Fylkeskommunen kan blant anna støtte analysar og kartlegging, grunnlag for kommuneplan, områderegulering og tiltak.

Ordninga med tettstadutvikling/stadforming skal bidra til å styrke tverrfagleg samhandling og ny kunnskap. Der er eit mål å involvere lokalsamfunna i tettstadutvikling og stadforming, planlegging og gjennomføring. 

Til toppen