Lærdal: – Me har hatt stort sal av syklar og trampoliner over lang tid, og sidan det ikkje har vore sportsbutikk i Lærdal på fleire år, valgte me no å utvide, seier dagleg leiar ved Lærdal ferie- og fritidspark, Even Aarethun.

No kan lærdølene endeleg handla sportsutstyr i eiga bygd att
Lærdal ferie- og fritidspark har i fleire år solgt både syklar og trampoliner. Fredag opna dei dørene til ein utvida sportsbutikk med eit breiare utval av sportsutstyr.