ALT I ORDEN: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, seier til Porten.no at alt er i orden med det nye telehuset. Foto: Telenor.
ALT I ORDEN: Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, seier til Porten.no at alt er i orden med det nye telehuset. Foto: Telenor.

No kan lærdølene sjekke Facebook igjen

Dekninga på mobil-, fasttelefon og breibandsambandet er tilbake.

Klokka 06.00 i dag tidleg var dekninga tilbake i Lærdal etter å ha vore kopla ut i heile natt på grunn av Telenors arbeid på ein fibertrasé.

Etter brannen for litt over eit år sidan brann telestasjonen i Lærdal ned til grunnen. Sidan har dei nytta seg av ein provisorisk sentral, men no har dei endeleg fått på plass ei ny permanent løysing.

– Det var ferdig om lag klokka seks, så no er me eigentleg betre enn det me var før brannen med nytt bygg og utstyr, seier dekningsdirektør i Telenor Bjørn Amundsen til Porten.no.

I heile natt måtte lærdølene klare seg utan Internett og telefondekning, men no kan dei endeleg sjekke Facebook, lese nyhende på Porten.no eller kva det måtte vera. 

Vanskeleg å gardere seg mot

Etter brannen blei det sett opp ei mellombels containerløysing, men den er altså no erstatta med eit permanent telebygg.

– Denne containerløysinga har stått der fram til no. Det me har gjort no er å flytta alt inn i det nye telehuset slik at det utstyret er tatt i bruk, og så har me kopla ned containerløysinga, seier Amundsen.

– Er dette nye bygget sikra mot liknande hendingar?

– Eg kjenner ikkje detaljane på det, men eg trur at den typen brannar som var i Lærdal klarar me aldri å gardera oss mot.

Budd på det verste

I og med at kommunen skulle gå heile natta utan nokon form for tekniske kommunikasjonsmoglegheiter, førebudde Lærdal seg på det verste.

Lærdal Røde Kors var blant dei som var på allerten heile natta, noko Porten.no skreiv om onsdag. Kring 20 personar frå Røde Kors, heimesjukepleien og sivilforsvaret var i sving i natt i tilfelle noko alvorleg skulle skje.

– Skjer det noko og nokon treng hjelp, har me kontakt med nødetatane både i Førde og Florø. Brannvesenet vil i tillegg ha eit lag på brannstasjonen, som me kan prate med direkte, sa Stian Antonsen, driftsrådsleiar i Røde Kors Hjelpekorps Sogn og Fjordane til Porten.no i går.

Torsdag føremiddag melder Lærdal kommune i ei pressemelding om ei roleg natt utan alvorlege hendingar.

Til toppen