BLOGG: Ti ungdommar blir trekt ut til å få eit bloggstipend på 5000 kroner frå fylkeskommunen. Biletet viser Porten.no sin eigen treningsblogg, som Vibeke Vigdal Øren har. 
BLOGG: Ti ungdommar blir trekt ut til å få eit bloggstipend på 5000 kroner frå fylkeskommunen. Biletet viser Porten.no sin eigen treningsblogg, som Vibeke Vigdal Øren har. 

No kan ungdom søke om bloggstipend

Fylkeskommunen deler ut 5000 kroner til ti ungdommar.

Ungdom mellom 15-27 år har no sjansen til å søka fylkeskommunen om bloggstipend på 5000 kroner. Inkludert i stipendet er også eit bloggkurs.

Ti av søkarane blir valde ut til å vera med på samling i midten av september. Her vil deltakarane lære om skriving, foto, marknadsføring og mykje meir frå erfarne fagfolk og bloggarar. I tillegg kan dei diskutere med og bli inspirert av kvarandre.

Sjekk ut Porten.nos eigne bloggar her.

Prosjektet skal stimulera til språkleg tryggleik og gi støtte til unge nynorskbloggarar. Namnet på prosjektet er «Mine meiningar på mitt språk».

– Me veit at mange unge nynorskbrukarar endrar målføre og skriv bokmål på nettet. Målet med dette prosjektet er å inspirere fleire unge til å skrive på nynorsk og fremje nynorsk som eit språk for alle samfunnsområde, seier Ingebjørg Erikstad, fylkesdirektør for kultur.

I 2012 vart Sogn og Fjordane fylkeskommune kåra til årets nynorskkommune. Premien var 100 000 kroner, og det er desse prispengane som finansierer kurset og bloggstipendet for ungdom.

For å søke om bloggstipendet, må du like å skrive og formidle på nynorsk. I tillegg må du fylle desse kriteria:

  • bu i Sogn og Fjordane
  • vere mellom 15 og 27 år i 2015
  • forplikte deg til å skrive tre blogginnlegg på nynorsk om tre ulike tema og publisere desse på eigen, samt ein fylkeskommunal, blogg

Søkarane må også legge ved eit kort «blogginnlegg» om eit valfritt tema. Innlegget må vere på mellom 200 og 500 ord.

Til toppen