Øvre Årdal: Koret er å finne blant verdas beste operakor, og denne veka skal dei spele tre konsertar i kvar av vestlandsfylka. Torsdag byrjar dei i Øvre Årdal.
Det er takka vere eit unikt samarbeid som er kome i stand mellom Wiener Staatsopernchor og Opera Bergen som gjer dette mogleg.
Koret skal presentere eit heilaftans program beståande av kjente parti frå ulike delar av operalitteraturen, ledsaga av Opera Bergens Orkester, og under leiing av dirigent Anne Randine Øverby.
- Les også: Eit av verdas beste kor kjem til Årdal
– Det blir den beste konserten i Sogn og Fjordane i år, sa Olav Nese, prest i Årdal, då Porten.no skreiv om dette første gong.
Billettsalet har gått unna, og i førre veke var over 300 billettar selde til konserten.
Operasjef Dominique Meyer understrekar i si helsing kor eineståande og historisk hending dette samarbeidet er, og som kan vere ein døropnar til vidare kulturelt samarbeid mellom Noreg og Austerrike.