GRUNDIG TESTA: Kvalitetskontrollen er kanskje ikkje heilt standard ellers i bransjen, men den er tydelegvis passert. For snart blir den nye energidrikken Norwegian Energy å finne butikkhyllene, i første omgang på bensinstasjonar over heile Norge. Foto: pressefoto.

No kjem energidrikken med smak frå Sogn

Utan e-stoff eller sukker, men med epler frå Sognefjorden. – Etter femti blandingar så traff vi blink.

Balestrand: Mannen bak nysatsinga er Mads Bækkelund, best kjent som kaptein på båten «Fjord Visjon» gjennom to sesongar med Oppdrag Sognefjorden og oppdrag Nord-Norge på NRK.

Det var der han kom opp med idèen om energidrikken han no lanserer.

– Eg såg at mange av gutta drakk Red Bull til frukost, lunsj og middag. Eg tenkte at «dette går ikkje an». Energidrikkar er kjemisk skvip, seier Bækkelund.

Les også: Syner fram råvarene sine på verdas største matmesse
Les også: Her pitsjar skientusiasten idèen om eit kaffibrenneri i Sogndal​

SMAK AV SOGN: Epler frå Sogn er ein viktig ingrediens i energidrikksatsinga til Mads Bækkelund. På sikt håper han å få opp ein fabrikk i Sognefjord-regionen.
SMAK AV SOGN: Epler frå Sogn er ein viktig ingrediens i energidrikksatsinga til Mads Bækkelund. På sikt håper han å få opp ein fabrikk i Sognefjord-regionen.

Såg lyset i byssa

I staden for å moralisere starta han heller å eksperimentere i byssa på «Fjord Visjon». Målet var å sjå om dei kunne lage ein drikk med like mykje «kick» som ein energidrikk, men med berre naturlege råvarer.

– Etter femti blandingar så traff vi blink, seier Bækkelund.

Ingrediensane han landa på er mellom anna gulrøter, grønn te, ingefær, vanilje og epler frå Sogn. Ingen e-stoff, eller sukker.

PAKKA OG KLAR: Slik ser 25.000 flasker med energidrikk frå Sogn ut.
PAKKA OG KLAR: Slik ser 25.000 flasker med energidrikk frå Sogn ut.

Ein prøveproduksjon vart laga på Balholm i Balestrand og prøvd ut på hotell og kafèar langs Sognefjorden. Etter nokre justeringar har dei no produsert ladning nummer to på litt under 25.000 flasker.

Skal ha fått avtale med Cirkle K

Ifølgje Bækkelund har han allereie landa sin første nasjonale kunde.

– Det er funny, veit du, om ti tolv dagar skal han vere på alle Circle K-stasjonane i Norge, seier han og legg til at fleire andre store butikkkjeder òg har vist interesse.

– Eg trur ikkje vi har sett noko anna enn den spede byrjinga på dette her. Eg synst berre det er supermoro, no skal vi forsøke å gønne litt på, seier Bækkelund.

Førebels er han åleine om satsinga, men ser at han kunne hatt bruk for både investorhjelp og fleire hender for å få fart på produksjonen. Det held ikkje å bli skvisa inn mellom den øvrige produksjonen til Balholm.

– Målet er kanskje å produsere ein til to million liter i året, men då må eg ha eigen fabrikk. Det hadde vore artig med ein eigen energidrikk fabrikk i Sogn, seier Bækkelund.

Til toppen