FORANDRING: Nytt i år er at Skatteetaten sender ut kravet om årsavgift.
FORANDRING: Nytt i år er at Skatteetaten sender ut kravet om årsavgift.

No kjem kravet om årsavgift frå Skatteetaten

I desse dagar får bileigarar landet rundt kravet om betaling av årsavgift dumpande ned i postkassa. Totalt blir det sendt ut krav for 3,7 millionar køyretøy.

Nytt av året er at krava denne gongen kjem frå Skatteetaten etter at dei har overtatt ansvaret for særavgifter frå Tolletaten. Fristen for å betale årsavgifta, som er på 3.135 kroner for dei fleste ordinære bilar, er 21. mars.

Det blir i år sendt ut krav for 75.000 fleire køyretøy enn i fjor. Avgifta utgjer for første gong over 10 milliardar kroner i inntekter til statskassa.

Flest krav blir sende ut til Akershus, deretter følgjer Oslo, Hordaland og Rogaland, det skriv NPK.

Til toppen