EIN VEGG: Meteorologane tilrår både gummistøvlar og kanskje sydvesten. For no blir det vått.
EIN VEGG: Meteorologane tilrår både gummistøvlar og kanskje sydvesten. For no blir det vått. (Kyrre Fitje/Meteorologisk institutt)

No kjem regnet: – Nærast ein vegg av vatn som kjem mot oss

– Dei som skal på jakt, sauesanking eller anna tur bør kle seg godt. Det kan bli ein del regn, seier vakthavande meteorolog Meteorogisk institutt, Geir Ottar Fagerlid.

Sogn: – Nærast ein vegg av vatn kjem inn mot Vestlandet i morgontimane. 

Slik startar kontoen Meteorlogene vêrvarslinga si på Twitter i morgontimane torsdag. 

Og helga ser ikkje stort betre ut, reint vêrmessig. 

– Dei som skal på jakt, sauesanking eller anna tur bør kle seg godt. Det kan bli ein del regn, seier vakthavande meteorolog Meteorogisk institutt, Geir Ottar Fagerlid.

VÅTT: I Ortnevik har regnet laga fleire dammar torsdag. Det blir det meir av inn mot helga. Foto:  Kyrre Fitje

Fagerlid forklarar at det er ein austfront som passerar regionen torsdag. 

– Det er nok midte og ytre strøk som kjenner det mest i dag, seier Fagerlid. 

Gjennomhelga vil bygevêret likevel gå jamt og trutt. 

Mild temperatur

– Fredag begynner bygevêret. Fredag kveld og natt til laurdag blir det mest regn, seier Fagerlid. 

Snø i fjellet trur han difor det ikkje er fare for.

Fredag kveld og natt til laurdag blir det mest regn

Geir Ottar Fagerlid

– Temperaturen er ganske mild, på femten grader. Det er ikkje så gale på natta heller, seier han

Vinden ser ikkje ut til å bli eit problem heller

 – Men det blir jo litt på fjelltoppane, seier han. 

Til toppen