SKATTEPENGAR: Onsdag startar utbetalinga av skattepengane. I Sogn og Fjordane er det snakk om 571 millionar kroner inn på konto. 
SKATTEPENGAR: Onsdag startar utbetalinga av skattepengane. I Sogn og Fjordane er det snakk om 571 millionar kroner inn på konto. 

No kjem skattepengane

Onsdag er første utbetalingsdag for skattepengane.

Annakvar nordman får igjen pengar på skatten, og dei første kronene er allereie inn på konto. I Sogn og Fjordane er det snakk om 571 millionar kroner.

– Stadig fleire får eit tidleg skatteoppgjer. Det er mogleg fordi dei aller fleste av oss no er elektroniske brukarar. Det har ført til at sjølvmeldinga er ein stadig enklare oppgåve å utføre for innbyggjarane, samstundes som me kan levera eit raskare og sikrare skatteoppgjer, seier skattedirektør Hans Christian Holte.

Tre av fire skatteytarar får skatteoppgjeret berre elektronisk. Dei 2,5 millionar skattebetalarane som har pengar til gode får desse utbetalt innan to veker, opplyser skatteetaten i ei pressemelding. Til saman får dei tilbake drøye 27 milliardar kroner.

Samstundes er det drøye ein halv millioner lønstakarar og pensjonistar som må betala 7,4 milliardar i restskatt. Dei som skuldar inntil 1.000 kroner må gjera opp for seg innan 20. august. Beløp over 1.000 kroner blir delt i to terminar med innbetaling 20. august og 24. september. (©NTB)

Til toppen