HEILT NED: Fredag er det meldt snø heilt ned i dalbotnane - då må ein både vera skodd og tilpassa køyringa. Illustrasjonsfoto
HEILT NED: Fredag er det meldt snø heilt ned i dalbotnane - då må ein både vera skodd og tilpassa køyringa. Illustrasjonsfoto

No kjem snøen: ha bilen vinterklar!

Har du ikkje fått somla deg til å leggja om til vinterdekk enno? Då byrjar det å hasta - fredag kjem snøen heilt ned i låglandet!

- Det kan verka som om me treng tid på oss til å justera både fart og køyrevanar til vintertilhøve, seier seniorrådgjevar Kjersti Røislien i Statens vegvesen, Region øst.

Syt for å ha gode vinterdekk på bilen, hald god avstand og tilpass farten etter tilhøva. Det oppmodar både Statens vegvesen og brøytemannskapa når snøen fell.

Og fredag blir truleg første dagen denne vinteren at snøen kryp seg heilt ned i låglandet. I følgje Yr er det meldt rundt null grader snø i Indre Sogn heilt ned i dalbotnane frå midt på dagen fredag. Snøvêret skal auka på utover kvelden og natta før det roar seg att utover dagen laurdag.

- Sjølv om store ressursar blir sett inn vil det alltid ta litt tid før alle vegstrekningar er brøytt eller strødd. Brøytemannskapa kan ikkje vera ”over alt” på ei gong. Difor er det svært viktig å tilpassa køyringa etter føret slik det er der du ferdast. Og ikkje gløym at du kan oppleva vekslande føretilhøva sjølv på korte turar. Så ver på vakt, rådar Røislien.

Til toppen