Sogn: Eit kraftig lavtrykk er tysdag føremiddag venta innover Sør Norge, og gje den kraftigaste stormen hittil i sesongen. Oppsummert vil det føra til mykje snø og kraftig vind i fjellet.
– Me må rett og slett berre venta og sjå, men me forventar at det blir slik prognosane viser, og då kan det fort bli både kolonnekøyring og stengt fleire plassar, seier trafikkoperatør Eirik Elnes i Statens vegvesen.
Venta å ta seg opp
På Vikafjellet har dei allereie fått merka at stormen er i ferd med å ta seg opp. Klokka 10:40 vart det innført kolonnekøyring, og vegtrafikksentralen åtvarar at fjellovergangen kan bli stengd på kort varsel.
Elnes fortel at entreprenørane har brøytebilar ute, og at det er dei som styrer eventuelle stengingar. Den sterke vinden gjer óg at ferjer og bruer kan bli innstilte. Størst fare for dét er det naturlegvis i ytre strøk.
– Me forventar at stormen tek seg opp utover dagen, seier Elnes.
Stengde fjellovergangar
Utover ettermiddagen tysdag har det varsla uvêret meldt sin ankomst. Som følgje av dette er fjellovergangar over heile Sør-Noreg stengde.
Per klokka 17:30 er dette status for fjellovergangane i Indre Sogn og omegn:
- Rv. 13 over Vikafjellet - kolonnekøyring på grunn av vanskelege køyreforhold. Vegen kan bli stengd på kort varsel
- På rv. 52 over Hemsedalsfjellet kolonnekøyring
- Rv. 7 Hardangervidda kolonne for bilar over 7,5 tonn, stengd for bilar under 7,5 tonn
- E134 Haukelifjell, kolonnekøyring
- Fv. 50 Aurland - Hol, kolonnekøyring