TAPTE: Årdal 2/Jotun/ÅTIL tapte 0-6 for Askvoll/Holmedal i helga og er dermed sjanselause på 1. plassen. Her frå oppgjeret mot same lag i vår. No ligg dermed Syril best an til å vinne avdeling 1. Foto: Elin Hæreid. 
TAPTE: Årdal 2/Jotun/ÅTIL tapte 0-6 for Askvoll/Holmedal i helga og er dermed sjanselause på 1. plassen. Her frå oppgjeret mot same lag i vår. No ligg dermed Syril best an til å vinne avdeling 1. Foto: Elin Hæreid. 

No ligg Syril an til å vinne serien

Berre Balestrand kan ta frå Syril 1. plassen i 5. divisjon med éin kamp att å spele. 

Det er klart etter helgas 13. runde i 5. divisjon avdeling 1. Lenge har det vore ekstremt jamnt i toppen, men no er det berre Balestrand som har ein teoretisk sjanse til å stikke av med 1. plassen.

Eit av laga som låg godt an før runden var Årdal 2/Jotun/ÅTIL. Etter ein råsterk snuoperasjon mot nemnde Balestrand i runden før, vart det 0-6-tap mot Askvoll/Holmedal.

Samstundes slo Balestrand Fure 4-2 og klatre opp til 2. plass med 25 poeng. Dei er no avhengig av å vinne sin siste Askvoll/Holmedal, medan Syril, som har 27 poeng, må tape for Hyllestad/Dale 2.

Sistnemnde har ikkje tatt eit einaste poeng denne sesongen, så sjansen for det er nok minimale. Syril på si side overtok tabelltoppen etter ein knusande 6-0-siger mot Førde 3. 

Slik er stoda i 5. divisjon før siste runde

  Lag Poeng
1. Syril 27
2. Balestrand 25
3. Årdal 2/Jotun/ÅTIL 23
4. Askvoll/Holmedal 21
5. Fure 20
6. Bjørn 19
7. Førde 2 12
8. Hyllestad/Dale 2 0

 

Til toppen