FRAMLEIS GRATIS: Kvardagsrehabilitering er saman med gruppetilbod unnataket som framleis er gratis. Her er det Hilmar Vedvik frå Kaupanger som trenar med ergoterapeut Gudrun Heggestad. Foto: arkiv.
FRAMLEIS GRATIS: Kvardagsrehabilitering er saman med gruppetilbod unnataket som framleis er gratis. Her er det Hilmar Vedvik frå Kaupanger som trenar med ergoterapeut Gudrun Heggestad. Foto: arkiv.

No må du betale for fysioterapi som før var gratis

Sogndal kommune innfører eigenbetaling for alle fysioterapitenester, bortsett frå gruppetilbod og kvardagsrehabilitering. 

Sogndal: Det vedtok kommunestyret i Sogndal på eit møte tidlegare i veka. I Sogn er det dermed berre Luster som ikkje har innført eigenbetaling for fysioterapi, men òg der skal det vere under innføring, ifølgje saksutgreiinga.

Bakgrunnen er denne: Heilt på tampen av fjoråret vedtok Stortinget å fjerne den såkalla diagnoselista som gav gratis fysioterapibehandling til ei rekkje pasientar. Ifølgje høyringsnotatet til Helse- og omsorgsdepartementet  var det i fjor 236 000 nordmenn som fekk gratis behandling gjennom denne ordninga. Samstundes som ho vert fjerna, vert taket for eigendel senka til 2000 kroner. Tanken er at dette skal gjere det meir rettferdig for alle pasientgrupper.

Les også: Hilmar tek tilbake kvardagen med trening​
Les også: Tilbyr gratis trening, men nesten ingen veit om det

Kommunane får òg 175 millionar kroner mindre frå staten til drift av fysioterapitenester, noko som for Sogndal kommune utgjer 254 660 i 2017. 

Vedtaket om å innføre eigenbetaling i Sogndal er altså ein konsekvens av dette. Rådmannen i Sogndal seier betalingssatsane vil variere, men at dei vil ligge på rundt 150 kroner for ein halvtime. Når du passerer fritaksgrensa på 1990 kroner blir det igjen gratis.

Unnataket er altså gruppetilbod og kvardagsrehabilitering, som framleis vil vere fritt for eigendel.

– Dette er tilbod som skal ha låg terskel, slik at mange kan nytte seg av dei, sa rådmann Jostein Aanestad då han orienterte politikarane i forkant av vedtaket.

Til toppen